Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Utvandring te Amerika frå Haugesund

Då vårsildfiskje tok slutt blei det skrale ti’er både i by og bygd og mange reiste te Amerika. Somme hadde så pass at dei greidde å løysa billetten sjøl, andre fekk hjelp av slekt og venner her heima eller frå dei som alt var over there. Utvandrarstraumen gjekk i bylgjer ettersom ryktene kom om goe eller ringe trer der borte.

Før emigrantane reiste, gjekk dei rundt og sa farvel te slekt, venner og grannar. Dei fekk då eit eller anna med seg. Når noken av våre skyldfolk eller venner reiste, minnest eg mor gav dei, attåt anna, to ekstra store, ekstra goe og ekstra godt steikte julabrød, som ein smak heimanfrå te dei der borte.

Det var fin forretning å vera emigrasjons-agent. Stor-agentane i Stavanger — eg minnest namnå Bowitz og Brødrene Haabeth — hadde underagentar her og det var mange som reiste. Den danska Thingvallalinjå med båtar som gjekk heilt fram te New York, hadde alltid fullt. Dei som ikkje fekk plass der, reiste med White Star Line, Cunard Line, Anchor Line eller andre engelske og amerikanske linjer. Dei hadde ein balesam tur: fysst herifrå te Stavanger, derifrå med ein av Wilson-båtane «Domino» eller «Eldorado» te Hull og så med jernbanen te Liverpool for å koma øve i amerikabåten. Eg undrast ikkje på den gamla konå som sto sjøsjuk med rekkå og spurde seg sjøl: «Ka ville eg i Amerika»?

Mange lengta:

Kan du glemme gamle Norge?
Aldrig jeg det glemme kan,
Med dets stolte klippeborge
det er og blir mit fedreland.

Det minka på rekruttar te militærtenesten i den tiå, men det tok ingen tungt. Me trudde den evige fred sto utanfor stovedørå, det var berre å be han inn. Arnoldsen i Sverige, Bajer i Danmark og Bjørnson, Konow S. B., statsrevisor Sørensen og fleire her heima reiste eit kraftigt arbei for freds-sakå. Det fengde og me ungdomane blei forsvarsnihilistar samstundes som me var i unionsstrid med svenskane. Me kunne ikkje tenkja oss anna enn at den striden sku bli løyst på fredeleg vis og då var det ikkje å undrast på at det var slapt frammøte på mønstringsdagane.

Nord på Tornes budde ein svenskfødt jordbrukar, som heitte Bengtson. Han var rodemeister, men tok det lettvindt som dei fleste. Det var ingen som totte det var gale, tvertom — det var som det sku vera. På eit mønstringsmøte hadde han berre eit par gutar med seg og då namnå på dei andre som sku vore der, blei ropt opp, svara Bengtson: «Rest til Amerika». Krigskommissæren blei sinna og spurde: «Skal ikke du også «nese» til Amerika»? «Jag har lurat på ‘et» svara Bengtson.

Det var mange slags funderingar øve koss det kunne ha seg at sildå ikkje kom att. Somme meinte det var ein guds straffedom for ulivnaen i fiskjetiå, andre at hu blei skræmd av dampbåtar som gjekk her eit par gonger i vekå. Eg har som eit minne om at folk fortalde det reiste eit sendelag te Kristiania for å be riksstyre gi båtane påbod om å gå utanom Sira.

Noke liknande gjore dei eingong i Båhuslån, då sildafiskje der tok te å minka. Der låg ein festning i ein god sildavåg og alle farty som får forbi måtte salutera. Kanhenda det var denne skytingå som skræmde sildå? Så bad dei kongen om at det måtte bli slutt med salutten. «Jau», sa kongen, det sku bli råd med det. Men fiskje minka likevel og blei heilt slutt — der som her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *