Internt referansenummer: 26.09.2011 – BOK
Kilde:
DRAUGEN SKREIK – Tradisjon frå Lofoten
Dagmar Blix
(Klikk her for å lese om Dagmar Blix på Wikipedia)
(Klikk her for å høre utvalgte kåserier av Dagmar Blix på NRK)
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 93
UNIVERSITETSFORLAGET – OSLO – 1965
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Vågakallen på fiske

Både Hinnmøya og Lekamøya sveik Vågakallen og gifte seg med andre. Men han hadde ei grannekvinne som alt lenge hadde gått og sikla etter han. Det var Svolværkjerringa. Han tykte ikkje ho var så ung og fager som dei to møyane han før hadde fria til, men når han ikkje kunne få nokon av dei to, så var det vel likså godt han tok til takke med henne. Så vart det gifting i ein fei, og kjerringa var slett ikkje så verst, ho. Ho kunne både karde og spinne og bètte, så ho heldt han kledd både på hand og fot — som Lofotkjerringar bør og skal, om det skal vere gagn i dei, for ein fiskar. Serleg var ho flink til å bètte sjøvåttar. Ein dag kom kallen av sjøen, og han hadde gjort eit retteleg bra sjøver, så han var både glad og kry. Kjerringa tok imot kokfisken.

«Det var no godt du endeleg fekk noko til å ha i gryta,» sa ho. Og så tok han fatt med å gjere til fisken.

«Men kan du seie meg kvar du har dei nye sjøvåttane som eg nett har botte ferdig til deg? Du har vel helst mist dei på sjøen, — det kunne just vere likt ein slik somlepave som deg.» Kjerringa skjente og gjekk av seg så det var ei gru, for ho var ikkje så blidspent når ho var på det løet.

«Ta det med ro, kjerring, du skal no alltid tenkje det verste. Eg kunne vel ikkje miste våttane på sjøen i klinke klåre stilla, kan du skjøne. Eg har nok gløymt dei der nede i fjæra, men eg skal hente dei i ein fei.» Så skar han sund fisken og ga seg på veg ned til fjæra. Men vegen frå døråpninga i Vågakallslottet og ned til fjæra er både bratt og lang og kronglut — det kan vi sjå den dag i dag. Serleg var motbakken lei, for kallen tok til å bli gamal og tungbrysta. Men det ville han ikkje vedgå, han sprang som ein unggut nedover bakken. Oppover gjekk det verre, men han skunda seg alt han var god for, og han var både sveitt og andpusten då han kom heim.

«Her har du våttane, di maskjerring. Der ser du om eg ikkje fann dei.» Kjerringa var både blid og glad, ho tok fisken og våttane og for inn i berget med dei. Kallen stod og såg utover Henningsværstraumen og Vestfjorden. Havet var så blått og blankt og stilt og himmelen så klår. Ei lysare strime i aust fortalte at det vart ikkje lenge før sola kom opp. Men sol er reine dauden for trolla, så kallen skulle nett fare etter kjerringa si inn i trollslottet. Då kom han til å tenkje på råseglet sitt. Det hadde han sanneleg gløymt nedi båten. Han brukte elles å ta det med seg heim, for det var alltid nokon som ville stele det gode seglet som han sjølv hadde sydd.

Vel, han fekk ta i veg og hente det, han skulle vel nett greie det før sola kom opp. Unna bakken går det alltid lett, tenkte trollet og kom seg i ei fart ned til båten som låg godt og vel fortøydd og vogga seg i småbårene. Kallen tok seglet og vatt det godt om seglråa, og så tok han vegen oppover med seglet og råa under armen. Bratthamrane var ikkje lettare denne gongen, tvertimot. Han heiv etter pusten og pesa i veg, for no var det verkeleg livet det galdt. Det vart lysare og lysare i aust — og just med det same han var oppe og skulle smite inn døra, der rann sola, og gubben vart til stein. (Kabelvåg.)

Når ein reiser sjøvegen mellom Henningsvær og Kabelvåg, må ein halde godt utkik opp mot fjellheimen, dersom ein vil sjå Vågakallen. I ei fjellkløft — som er den opne døra til trollslottet — kan ein godt sjå den gamle gubben. Han teiknar seg heilt tydeleg mot himmelen, og seglråa ber han under armen, litt på skrå.

Fiskarane har stor age for Vågakallen. Vel nok helsar dei ikkje sjølv på han, men dei har stor moro av å få andre til det. «Du har eit rusk på huva di (hatten din) » seier dei til skårungen eller andre som ikkje har sett Kallen før. Når han så tar av seg huva og skal sjå, flirer dei hine og seier «Ja, no har du helsa på Vågakallen.» (Stamsund.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *