Kildeinformasjon:
Mosdalen Omslag-IIInternt referansenummer:B-31.03.2013
Kilde:
MOSDALEN – BEITEBRUK OG SETERDRIFT
Av: John P. Moe
Ørsta, mai 1976 – November 1980
Utgjevar: Mo Gardstyre, formann Helge Moe
ØRSTA TRYKKERI A.S
Klikk her for å lese ”Innledning om Mosdalen”

 

 

 

Vakjarhuset på Høgeheida

 

Høgeheidsetra heiter den fremste setra til Mo i Mosdalen i Ørsta. I forrige århundre var det bjørn i desse traktene. Vakjarhuset på Høgeheidsetra låg slik til at det var god utsikt til alle kantar, om bjørnen skulle koma.

Nille Mo, som var fødd 14. desember 1843, setra på Høgeheidsetra det året ho gjekk for presten. Ho mjølka om morgonen, gjekk til Volda til presten, og gjekk tilbake til Høgeheida og mjølka om kvelden!

Ein reknar med at det er 11 km frå Mo i Ørsta fram til Høgeheida og frå Mo til Volda 12 km. Så den 14 år gamle Nille Mo gjekk tilsaman 46 km på ein dag. I tillegg kom sjølvsagt at ho skulle få inn buskapen om kvelden for mjølking.

Ein dag Nille var på veg til setra, og var komen fram i Mosbakken, 11/2 km frå heimste setra, der det er bratt og stor urd og mykje skog, var det to bjørneungar som låg på stien og leika seg. Dei byrja bite i stakken hennar og var så hissige at ho laut til å slå dei med «hisså» bæretreet. Men ho torde ikkje vera for hard med dei, då ho var sikkert på at mora låg og såg på dei. Til all lukke såg ikkje Nille noko av bjørnen denne gongen.

I dag er det berre steinar igjen av vakjarhuset i Mosdalen, som minner om ei tid som var.

Sundagstur til Høgeheida

Kom alle unge på heile Mo,
bli med kvar gut og kvar ei jente.
På Høgeheida der setra sto
der vil vi helsebot oss hente.
Vi raster der som dei gamle sel
stod vent i rader i seklers bel.
Ein sundagskveld
ved brisingeld
kan noko gildare deg vente?

Sjå vegen går gjennom ur og skog
i mellom fine hamnehaga.
Ein skodar svarte og ville flog
og fjell som høgt i rømda raga.
Sjå oldemor di sin seterveg,
ho trippa ung her med lette steg.
Så mang ein gut
stod natta ut
i vakt mot leide rovdyrplaga.

Vi et vår niste som smakar vel,
men saknar lell ei rømmeringje.
Var vi her før i dei gamle sel
vi fekk vel og ein lefseklinge.
Dei kjekke jentene på gamle Mo
var gjestevenlege dåssom no,
og kom ein gut
med fart og futt
han kjende hjartebank i bringe.

Så mang ein gut drog på friarferd
til Mo sin støl på Høgeheida.
Ja, seterjenta var mykje verd
så han tok ikkje feil av leida.
Hans hjarte kjendest nett som ei glo
og fekk han gardjenta ifrå Mo
som var så gild,
så god og snild
han duk på brudebord sku’ breida.

Steinsela-II

Dei tre eldgamle steinsela i restaurert stand. Eirike-Pe-selet, Råsabakkselet og Smiebakkselet.
Fotograf: Eilev Mo

Setra ved Fyldalheida

Ho ligg så vent til på store, fine vollar som ein til vanleg kallar haugane. Haugane var setra si bulege til bytes med Vodene. Ved siste hundreårsskifte hadde denne setra 12 sel. Mellom desse er der nokre utgamle steinsel som enno står der og er i bruk. Andre er bygde av trevyrke og alle saman hadde torvtak.

Då ein i 1905 skulde vøla eit av dei gamle, murte steinsela såg eg at der ikkje hadde vore brukt trematerial på innsida av murane. Dei var ikkje kledde på innsida.

Låset til inngangsdøra var laga av tre, sikkert bjørk og det var stort. Lykjelen var av einerved. Han var så lang som ein mellomstor tollekniv, rund i skaftet, men den delen ein stakk inn i låset var firkanta og flatvoren. Her var det fleire hakk som var skorne inn i rett vinkel. Lykjelen laut dreiast rundt eit visst antal gonger før døra kunne latast opp. Låset var festa på utsida av døra.

Heile selet hadde berre eit rom som var nokså stort. Eine langveggen hadde ei solid, brei hylle oppe under taket i heile romet si lengde og på denne hylla stod det tett i rad gamle ringjer og andre mjølkekjerald som var laga av tre. Alt dette kom bort.

Etter som åra gjekk vart der bygt nokre fleire sel og i dei siste tretti år er der oppførde mange fritidshytter som er i bruk i ferier og fritid.

Ved nokre av sela var der bygd fjøs der ein batt inn kyrne i uversnetter. Då slapp ein å mjølka dei ute i regn og driv.

På Mosetra heldt ein heile tida ved like den gamle tradisjonen med å gå i lurvetog rundt setra på Barsokkvelden, den 24. august. Då svinga ein logande neverkrullar som var festa til stenger, samstundes som ein skramla med alle slags kjerald og brølte så stygt og fælt ein berre kunne. Dette for å skrema bjørnen. Eg veit ikkje om nokon anna seter som har hatt ein liknande tradisjon.

Huldrasteinen på Mosetra seier:

Eg heiter Huldrasteinen,
fint Huldraslott kan du tru.
Her kliv den vesle sveinen.
Ja, prøv å nå toppen du!
Men gammal som alle haugar
det er eg, det kan du sjå.
Eg stod her då troll og draugar
spøkte i berget blå.

Ved dei fleste av dei verkeleg gamle setrane her på våre kantar hadde dei ein Huldrastein, stor eller liten.

Smågutane i grenda hadde alltid kjennskap til denne mystiske steinen lenge før dei kunne koma til seters.

På Mosetra er Huldrasteinen nokså høg. Småkarane prøver å klive opp på han så snart dei trur seg til å klare det. Den dagen dei klarer å nå toppen tykkjest dei å ha gjort ei storbragd og at dei er svære karar.

No spør vi kva Brillevatnet veit:

Du Brillevatn som har auger
kva såg du her først — fortel!
Ein einaste støyl på hauger
med ungdom i kvart eit sel.
Dei kom frå den store grenda
som verna sitt fe med vakt,
men veta du vil kan henda
om namna i denne trakt?

Mosdalen som han heiter
var grenda sin odelsarv.
Om ein i lendet leiter
finn ein dei prov ein tarv.
Prova dei sannar tingen
at dalen tilhøyrde Mo.
Men Mo gav bort veslefingeren
og dalen blei delt i to.

Visst veit eg at Tverrbergsbytet
var mellom Nupen og Mo.
Dit syd kunne moskyr nyte
sitt beite i fred og ro.
Ja bytet veit minste guten
som leikar her mellom oss.
Det gjekk frå den høgste nuten
 og beint til kvitaste foss.

Mosovodene sletta heiter
som her aust for meg ligg flat.
I Mosbukkedalen beiter
smalen og finn seg mat.
Mosrindane langt seg strekkjer
i mellom dei setrar to,
frå tindar som står i rekkjer
til elva som flyt i ro.

Eg namngav det nære lende,
men gå og ta med din bror
og leit opp dei gamle,
kjende Moslongeskrider i nord.
Forfedrane namna sette
i heile sin seterdal.
De unge kan ryggen rette.
Eg lyg ei, eg er ei gal.

Mosgrenda ervde dalen
frå fedrar og gav han trygd.
På Mo er og kvar mann alen
som vakthus og vern har bygd.
Mot udyra Mo laut tryggje
sin buskap og halde vakt,
difor laut ein vakthus byggje
i heile den store trakt.

Stadnamna aldri teier
om eigar frå Arilds tid.
Vakthus og murar seier
at eigaren brukte flid.
Kjem så ein framand herre
og gjer for eigaren mein ja,
då kan ein spørja berre:
Kva tid la du stein på stein?

Lenger framme i boka er der skrive om at ein hadde grisane med på sommarbeite. Vi kjem no attende til det.

Grisehusa i Slessfora fortel:

I Slessfora var vi mange,
ein kalla oss grisehus.
Visst var vi nokså trange
og no ligg vi nasegrus.
Om kvelden når griseflokken
var samla frå skog og ur
då laut ein nok bruka stokken
te få dei i kvart sitt bur.

Sjå gaupe og jerv og gråbein
dei smaug mellom kratt og ur.
Rundt oss var marka urein
så fårar låg jamt på lur.
Men vakthus var bygt ved sia,
det tredje i denne dal.
Det fjerde stod heim i kvia
så fire dei var i tal.

Der var mykje god stein i grisehusmurane. Ein del står att, men noko vart spreidd utover i slike år då fonnene i Slessforgjølet var store. Ein del vart henta til muring av klopper i setervegen.

Etter hundreårskiftet brukte mange gardbrukarar å kile ut lange, smale steinar som dei køyrde heim og brukte til gjerdestolpar og til overliggarar over døropningar i murar. Over døropningane til gjødselkjellarane laut overliggarane alltid vere ekstra lange.

No skal vi fare langt lenger heim gjennom dalen og ta med ei gammal segn om huldra i Askjellhaugen.

Denne segna er det nok sikkert mange gamle på Mo som hugsar:

Huldra i Askjelhaugen

Den segna eg no skrive vil
har folketunga gøymt.
Eg ingenting skal leggje til
og ingenting er gløymt.
Ein sa at i den store haug
ei kjempe gravlagd var,
men ingen nemnde troll og draug.
Høyr segna, ho er rar.

Ein mann som køyrde hesjeved
fekk der sjå ljos som brann.
Til haugen straks han gjekk av sted,
såg då at ljoset svann.
Han stogga der ein time full
og lydde til ein song.
Slett ingen betre barnesull
han høyrde nokon gong.

Då gjekk han til sitt hesvedlass
og tok ei trode bein.
Så staura han med troda kvass,
men trefte først på stein.
Omsider romna holet litt
og karen støytte slik
at troda gjekk ned handefritt.
Då høyrde han eit skrik.

Han fælen stod og lydde
til ein barnegråt så sår.
Då sa ei røyst så arm og vill
samstundes fast og klår:
Kvi kunne vi ei leva få
i haugen var i fred?
Kvi støytte du den kvasse rå
igjennom taket ned?

Du skada voggebarnet mitt,
det får eit helsemein.
Det same mein får barnet ditt,
du får no snart ein svein.
Av dei som etter deg då kjem
der nokon fødast må
i ættebolkar fulle fem
som dette mein skal få.

Med son til mannen var det så
han halta når han gjekk.
Det same lyte fekk ein sjå
i neste ættelekk.
Omlag to hundre år er gått,
fem ættebolkar kom.
I kvar har nokon meinet fått
som huldra varsla om.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *