Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Valken


Dette er ei bånsjuke. Det skal vera ni slag av den. Eit bån som hadde fått valken, kunne bli reint vanskapt av det, både i hugu og kropp og bein.


Ho Maria Vigerust visste ei rå for valken. Ho laga til ei filledokke og grov denne ned i ei maurtuve, og med' ho gøymde dokka, las ho noko over det. (Dovre.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *