Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Vanskeleg preike…

Hyllestad Kommune hadde bygd ny kai på Rysjedalsvika, der dei ville ha rutestopp av Fylkesbåtane. Initiativet til dette var teke av ordføraren, som også var sokneprest i kommunen. Men tiltaket var noko dristig, då det ikkje var lova rutestogg eller anna bruk av kaia frå Fylkesbåtane si side.

For å få merksemd for tiltaket vart det skipa til ein fest der pressa var til stades. Seinare fylkesordførar Iversen var innbeden. Han skulle halde tale og klippe snora.

Iversen var ikkje den som hadde ivra mest for denne kaia, og han hadde også visse vanskar med å bruke superlativ då han skulle halde talen. Dette vart kommentert av ordføraren etterpå såleis:

– Du var svært rund i dag, Iversen.

Iversen:

– Ja, eg var vel det, men du som er prest skulle vete at det er ikkje alle tekstar som er like enkle å preike ut i frå.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *