Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tru og sed (gamle truer)

Vardøger


Somme menneske har vardøger.

Heime hadde vi to tenestgjenter. Den eine hadde vardøger. Dessa gjenten' skiftest om å stå opp først om morgon'. Når ho med vardøger sto opp først, høyrde eg alltid ho tok i døra ei lita stund før ho kom inn. Eg låg stødt vaken da, og visste med det, kven av dei det var som kom, når eg hadde høyrt detta. Vi høyrde aldri noko slikt når den andre gjenta kom.

Far var mykje borte. Vi høyrde mest alltid vardøgeret hans når han kom heim att. Da hengde han stokken sin frå seg i gangen. Dette høyrde vi så vel og vart så vane ved det at vi hadde tykt det hadde vore rart om vi ikkje hadde høyrt det.

Far høyrde vardøgeret mitt ein gong. Eg hadde vore ute og køyrt, var nygift den gongen, og hadde ein ung, sprek gamp, som eg hadde kjøpt ny stallvekkje til. Eit korters tid før eg kom heim att, høyrde far at nokon køyrde ute der. Da eg kom inn, spurde far kven det var som hadde køyrt føre meg. Eg visste ikkje av at nokon hadde fare fire meg. Jau, det køyrde nokon ute her ei stund sia, påsto han.

– Du får gå ut og sjå etter.

Det var kome nysnø, så det var lett å sjå. Eg gjekk ut, men det var ikkje andre ferder enn etter meg.

– Kjende du hestbjølla? spurde eg.

Nei, han gjorde ikkje det. Eg spurde om ho ikkje var lik den nye eg hadde.

– Jau, det let kanskje slik.

Så det var nok vardøgeret mitt far hadde høyrt, og trudde det var ein annan. (Fåberg.)

Far hadde vore borte ei tid, og vi venta han heim att. Så var det ein efta' vi sat ved kveldsbordet, da høyrde vi alle det var nokon som sopa av seg snøen utafor døri. Vi tyktest kjenne måten det vart gjort på.

– Nå kjem nok han far, sa mor. Du går vel sta' og har opp døri åt 'om, du, sa ho.
Og eg var lett å beda da. Eg for ut og hadde opp. Men eg vart sakte forundra, for der var ingen. Eg vart ståande lite og sjå meg i kring, og så kom mor med.

– Er det ingen her? spurde ho.
– Nei.
– Ja, da er det ikkje lenge før han er her, sa ho.

Vi gjekk inn att, og mor tok til å ordne opp til far kom. Og ei stund etter kom han med, og sopa av seg snøen, slik som vi hadde høyrt fyrste gongen. Og vi fortalde far at vi hadde høyrt han kom ei stund før.

Det var nok ikkje berre den gongen vi høyrde fyrironet hans far. (Skjåk.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *