Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

Vardøgeret er med ein og går føre ein…

Vardøgeret er et dyr som er med ein og går føre ein.

Vilde ein få veta hå slags vardøger ein hadde, var det råd med det. Ein tok tolkniven og tulla inn i et skaut som var lagt dobbelt, ein tulla han hardt inn. Så tok ein og skifta tullen over frå neva til neva, ein gong framom sei og ein gong bakom sei, tre gongar. Med det samma ein fløtte tullen, sa ein det:

«Hest til vardøger!» Var det hest ein hadde, skulde kniven liggi utanpå tørklæet når ein hadde fløtt over trea gongen. Var det ikkje hest, låg kniven inni tullen. Slik høldt ein på til ein fant rette vardøgeret, ein nemnte dyr etter dyr til ein fant det rette.

Når krøttera ser vardøgeret til ein og beljar, er det bjønn eller ulv ein har føre sei.

Ho bestemor trudde ho hadde ulv eller bikkje til vardøger. Krøttera var så rare når ho kom og skulde inni fjøset. Når ho kom utantil og krøttera skulde stå og eta, så stod døm og glodde nedi fjøsgangen mellom krubbune og belja. Så radt ho kom inn, vart det stilt. Det var vardøgeret hennas døm såg.

Han far tente på Strand. Når han Mads var ute noko, kom det alltid ein kørp føre’n heimatt.
Det var vardøgeret hans. Han far gikk aldri ut og skulde ta imot hesten, før kørpen hadde kømmi. Han klonka over taket. Og da var’n Mads der på timen au.

Men ein gong gikk han far ut før han hadde hørt kørpen. Da kom det ein kjørande sønnantil gata, og han kjørte det hesten orka å gå. Da han var beint for’n far, vart’n borte.

Han var som søkkin i jorda. Ei stund etter kom korpen flygande og klonka over taket. Litt etter kom han Mads.

Vardøgeret måtte sleppast ut når nokon gikk frå ei stelle.

Je vart alltid følgt ut av morsyster mi i Enderud med je var smågutt. Ho kom ut etter mei om mårån når je gikk på skulen. Ho vilde sleppe ut vardøgeret, så det ikkje skulde bli gåande att etter mei.

Det er ennå ordtaket når nokon følgjer ein ut når ein går: « Je får sleppe ut vardøgeret etter dei!»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *