Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Vardøvle


Vardøvle skal ein vera var mer. Det fylgjer deg kvar du går, men du ser det ikkje. Ein skulde difor vera varsam når ein gjekk gjenom ei dør, so ein ikkje skrelte døri hardt att.

Dei gamle vilde òg ha det te di at når dei bar inn ved, skulde dei ikkje kaste hardt ned vedfanget sitt. Det skulde ikkje ha seg. Dei kunde skvette i frå seg vardøvlet sitt då, meinte dei gamle.

Eg har tydeleg set vardøvlet åt ein, eg. Ja, eg såg det so vel som eg ser deg.

Med eg var ung, tente eg hjå henne Anne Oppei, i søre garden. Ho hadde ein gamal enkjemann te tenestgut. So skulde dei på stølen med slåtten. Men eg og guten laut vera att heime litt og pynte i frå graset i nokre forturka åkerreinor. Eg skulde laga mat. Best som det var, såg eg mannen kom med ljåen på aksli sunnante garden. Men då eg um litt gjekk ut, var han ikkje å sjå nokon stad. Då eg såg te, dreiv han på og slo. Eg gjekk då stad spurde han:

– Ha du vore borti garde me ljåe dine?

Men det hadde ikkje han vore. Eg vart so mutt. Eg visste det boda kje for noko godt, det eg hadde set.

So var det ein gong seinare. Me var endå på lauvåsen (d. e. dei var på åsen og lauva.) Då me var ferdige um kvelden, gjekk me heim.

Eit stykke frå Oppei er det ein stad dei kallar Oppeisbakkin. Dit vilde eg eit lite ærend.

Dermed sa eg te enkjemannen at han ikkje skulde gå fortare enn eg rokk han att. No var det ei grind øvst i gjordet, stølsgrindi. Eg sa då te han:

– Kjem du nedåt grind'n fere me, får du ventet!

Det lovde han. Då eg hadde vore i Oppeisbakka og kom ned på åkerers att, fekk eg sjå enkjemannen nede ved grindi. So tenkte eg: «E e nokk so fresk at e ska nå de att.»

Dermed gjekk eg rae, eg, men mannen råkte eg ikkje. So gjekk eg like heim. Der fór eg uppi andre høgdi på bygningen og såg uppetter. Då det lei på litt, kom mannen ovante.

Då han kom ned, spurde eg han um han hadde venta på meg. Men det hadde han ikkje.

Um vinteren, utpå vårlaget, dø han!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *