Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Varemangel og mangelvarer

«Tobakk, en herlig vare. En last som dog er god, Men best for den som har det. For jeg har ikke no.”

Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Det var klagesangen i ein avis, dikta av ein tobakkshungrande person. Forsyningssituasjonen blei nok strammare etter som krigsåra gjekk. Om dette hadde ein legendarisk bussjåfør frå Eiken ein god replikk: «Nå he forsyningssituasjonen blitt så dårlig, at for neste kortperiode lye kortan på gråstein. Men folk mæ dårlig fordøyelse kan få dokterattest på murstein.»

For mange var nok tobakksmangelen ei av dei verste plagene. Ein eldre lærar eksperimenterte med tørr mose i pipa. Så dryppa han ein ørliten drope nikotin oppi. Dette var vel snautt gjennomførbart for folk flest. Men der var andre måtar å ordne seg på. Tobakk kunne dyrkast. Frøet måtte såast i varmbenk i mars, og kravde seinare ein lang, god sommar og mykje gjødsel, for å bli til brukbare planter.

Våren 1942 kom eg heim frå landbruksskolen, og hadde lyst til å prøve kunnskapen. Fram for uthuset laga eg ein høvelig stor karm, og fyllte han med ei blanding av halm og hestegjødsel. Oppå dette la eg eit lite lass med velgjødsla åkerjord, og dekka det heile med glaskarmar. Snart kom gjæringa og varmen, og det blei ein ypperlig vekseplass for tobakk- og tomatplanter. Salet av planter gav ikkje så få kroner i pungen, og folk kunne få stilt tobakkshungeren når hausten kom, og plantene hadde vakse seg store. Men først måtte dei nå haustast, og sidan hengast med rota opp og toppen ned på ein luftig plass, til dei var fint lys-brune.

Somme «fermenterte» tobakken sjølv, men dei fleste sende han til ein fabrikk, og fekk att «karva blad» i vanlige øskjer. Slik tobakk var eit ypperlig byttemiddel. Mange ting var ikkje å få kjøpt for pengar, men hadde du aktuell vare å bytte i, var det ei anna sak. Det var mangt eit par sko og mange buksepar som blei bytta bort for å stille tobakkshungeren. Somme butikkar hadde også eit lite u-offisielt lager av attraktive varer som dei bytta med når dei var i beit for eit eller anna. I avisene var der lange rekkjer av byttelysingar, t.d. «Har tobakk. Ønsker bukser nr. 50. Bill.mrk. Bukseløs.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *