Internt referansenummer: 15.04.2009 – A
Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

Vargen i Kløstra

Vargen var så nergåan’ ein vinter,« fortalte ho Ane Kløstra, (Legd-Ane, f. 1809). Ho var berre jentungen og budde heime i Kløstra saman med mora og styfaren. Vargen kom heilt oppåt husa midt på ljose dagen stundom. Dei hadde ein liten hund, som ho Ane åtte.

Ein dag såg dei vargen låg på ei steinrøys straks nedafor husa. Hunden sat oppe på steinkloppa og nigøydde. Ho Ane var redd for hunden og bad styfaren hjelpe henne å få han inn. Men styfaren meinte at det var ingen fare. «Du kan da vetta at vargen kjem ittj’ oppå kloppa,» sa han. Men best det var sette hunden i eit illskrik, og så såg dei vargen hoppe ned frå kloppa med hunden i kjeften. «De va berre som ein blenk, så var hunden min reven i fillo,« sa ho. Vargen låg lenge nede på steinrøysa og gnog på beina av hunden. «Men da kan du tru æ gret.» sa ho. «Å ja, han tok det tungt han styfar òg.»

Ane Kløstra, ”Legd-Ane”, f. 1809

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *