Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Vårknipa

Det var ålment å setje på for mange kryter um haustane. Vart det so sein vår, kom loaløyse med svelteforing av dyra, som leid mykje vondt. Det vart då for karane å få tak i anslag skrapfor: lyng, mose, tare, tang, bork av rogn, hegg, selje, asp o. s. b.

Um verdet av desse hjelperådene hev me fylgjande gamle rim:

«Vidja velter,
selja svelter.
Rogn reiser ku av bås.
Hegg gjev merg i legg,
osp legg smør i kopp.»

Karen Festøy, Vartdal.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.