Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

VARM HAVRESUPPE

Ein bonde frå Vestbygdi kom innom på kontoret til distriktslækjaren på
Vossevangen ein gong og bad om ein resept på sprit. Han var så forkjøla
og tung for bringa, sa han og meinte at spriten ville gjera han godt.
DistriktsIækjaren, som var kjend som ein morosam kar, svarte:

– Nei, den beste medisin eg kan visa deg til i dette høvet, er varm havresuppe.

Seinare ein gong var den same distriktslækjaren ein tur til Vestbygdi.
Der var han uheppen med bilen sin og fekk motorstopp. Medan han stend
med hovudet bøygd over bilmotoren, kjem bonden framom og spør kva som
er i vegen med bilen.

– Han er komen i ulag, seler lækjaren.
– Dao faor du gje han varm havresuppe, sa bonden — to tenkje eg han vetto god att.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *