Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Varmen


Eg hugsar òg at når dei kokte graut, velling og annan mjølmat, so tok dei litt mjøl i klypa og slepte ned i varmen.

Når dei slakta, hadde dei gamle ein merkeleg skikk. Med det same dei hadde stukke dyret, so det tok te bløde, rak dei ein pinne burt i blodet. Denne kasta dei inn i varmen. Dersom dei gjorde det so, vilde dei ha det te at då skulde dyret døy fortare.

Det var ein gong tvo varmar som talast ved, Den eine sa:

– E får mat kor gong dei koke.

Den andre sa:

– E får ingen ting tå de so godt e. Men heldt dei fram ein lit'n ange, sparka dei de han kjem me, inn i varmin. Har dei noko anna møras, får e de me. Deme so la han te: – Men no ska de vara slutt! E ska brenne opp alt dei har!

Denne soga hugsar eg ofte på. Eg høyrde ho då eg var ørande liti. Det har sidan lege i meg at eg har ikkje hug te ha inn i varmen noko stygt.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *