Kilde
GUTEDAGAR
Alf Sundsbø
Klikk her for å lese Føreordet
A/S E.K. Hansen Eftf.
Aasgård & Sønn – Mplde 1981
Tekningar: Knut WOldsdal
ISBN 82-90393-05-9

Våronn

gutedagar_side_0073.jpg
Eg sat på ein stein borte ved Storhaugen på andre sida av åkersundet
med møkkagreipa mellom nevane og ergra meg. Eg var på kant med heile
verda, og det var denne forargelege våronna som gjorde det. Det var
ikkje det at det lukta kumøkk på alle kantar, som var så fortærende.
Kumøkka var grei nok, for ho høyrde våren til, endå så hardt og tungt
det var å lesse midt under fjøsgluggen, og så utriveleg blautt det var
i gjødselkjellaren elles. Tungt var det også å tippe lasset i to deler.
Eg vart ofte hangande å sparke oppå hjørnet av vognkista, for eg visste
ikkje å få ho ned att på tverrhommelen framme. Sleppte eg heile lasset
av kista, så visste eg at drengen vart sur og kom med fantord, fordi då
vart det så langt å slenge møkka for han, og eg kom i utakt med dungane.

Teikning av Knut Woldsdal
Kumøkk var grei nok, for ho høyrde våren til.

Nei, alt dette fekk vere for det det var. Men at det skulle bryte opp
ei retteleg diger storseivøe midt i
Forholmdjupet under alt dette
møkka-strevet, det var mest ikkje til å tole. Og då eg vart ståande å
glane ein augneblink på kor storseien velte seg i sildeflaket, kom det
kaldt og roleg frå han far:

«Berre lat han leike, for vi har nok fisk. Men no skal møkka ut, så vi har anna å tenkje på.»

«Tenkje på kumøkk i staden for storsei,» var eg på nippet til å rope ut, men eg sa ikkje noko. Det var vel rettast å teie.

Litt etter fløytte «dampen» (rutebåten som kom frå byen), ein lang og
to korte støytar i fløyta, som var det vanlege stoppesignalet til
rutebåtane her. Men etter ein augneblink kom fjerde støyten i fløyta,
ein avtale vi hadde med gamle kaptein Johnsen på «Rauma», og som varsla
at dei hadde så mykje last hit at det trongst stor ekspedisjonsbåt. Far
fekk med seg Olaf dreng, og dei tok Hestefløten, såg eg. Det var
sikkert kunstgjødsla som kom no, hundrekilos-sekker med super og kali.
Då kom dei til å heftast ei stund, tenkte eg, for sekkene skulle ikkje
berre ned i førslebåten, dei skulle opp att og. Då måtte dei bruke
handvinsen på den vesle steinkaia og «mjølbjørnen» for å få dei inn i
varebua. No var det fjøre sjø, så det vart mykje sveiving før alt var
oppe. Hestefløten var mest lasta, såg eg. Men så hadde no han far 25
øre sekken i «iland-føring», så det stod ikkje på. Tenk om eg hadde
hatt 25 øre for kvart møkkalass eg køyrde ut. Eg hadde snart vorte rik
då.

Nei, eg ville ikkje sitte her og sture, for det tente ikkje til nokon
ting. Eg hadde vel heller ikkje noko å sture for, når eg skulle vere
ærleg. Vi hadde då fått ut markagjødsla for lenge sidan og rissløydd ho
to gonger etter regnveret, så det var ikkje stort att å rake bort av
den møkka. Og no var mesteparten av åkergjødsla ute også.
Gjødselkjellaren var snart tømt.

Men det var all denne storseien som hadde brote opp og slubba så fælt,
og som ikkje ville ut av tankane mine. Ja, hadde han ikkje lov til det
då? Jau, — men det hadde visst vore betre om eg ikkje hadde sett det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.