Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Varsel

Det va på Mønøy'n vi ha bua vår


Det va ein gong e va uti Halta. Det va på Mønøy'n vi ha bua vår. Å der sat vi ein morgå om sommar'n å sløydd fisk. Vi ha vorre på sjøa å drie sei om natta. Å så va det ein båt så låg på Lunnøy'n. Å der på Lunnøy'n låg det berre ein båt. Å dei karrann va no nyleg rodd på sjøn, all i hop. Så det fantest ikkje folk att på øy'n der.

Best det va tok det te å kakk borti sjåa (1) på Lunnøy'n. Det tok te å kakk så smått først. Så vart det høger å høger. Så sprang døra på vid vegg, men det va blekkstilt. Å så vart kakkinga leger å leger, å teslutt dø kakkinga bort. E veit ikkje kva det va; men det va blekkstilt, så døra sprang nå ikkje opp tå vinda. Eit kvinnfolk på ei anna øy hørt det sommå. Vi tala om at det kom vel te å hend nokkå (2).

Ein vinter ette at 'ta va hendt, va det tvo karra der på Lunnøy'n så sto ned i mura (3) å såg på dragsua. Best det va kom det ei bår å tok karran å hiva dem på sjøn. Folk fekk sjå det å rodd dit med båta. Ein vart berga. Den anner kom opp gong på gong. Men dem fekk ikkje tak ti 'n, for dem rådd
ikkje med båta (4). Å så bleiv 'n. 

(Rissa)


(1) Sjå er eit lite, grisse hus. Eit tett hus med omn i kallar dei bu.
(2) Det er vanleg tru på dei kantar at høyrer ein det kakkar i eit hus, så er nokon der i huset feig.
(3) Som var mura for hamnen.
(4) Forteljaren sa: dæmm komdert ikkje båten, d. e. dragsug va så slem att dem fekk ikkje båten bortåt hennå. «E ha fått ut, at det e ha hørt å sett ha vorre naturleg seier forteljaren, «men te veit e ikkje nå om».
 
Fortald til Edvart Langset den 23. juni 1922 av Kristoffer I. Kvithylla.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.