Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Varsel for feigd'n


Varsel for feigd’n var det mange tå.

Når rev, hare og andre skogadyr drog seg inn te husi, var det feige folk nær ved. Dette var nokso sikkert mark.

Burte på Onstadmarken budde doktor Labe. So var det ein sumar det var so godt ver. Då hadde det ein dag kome ein orm like inn i storstoga på Onstadmarken. Han låg på golvet då dei vart vare han. Dette hende trast før Labe døydde. Ormen er hask etter lik, sa dei gamle. Der ormen dreg seg te husan, er det feige folk.

Labe var ein av dei fyrste utlærde dokterar i Valdres. — På stølen Måno-Smørlie fór det ein sumardag ein orm over mjølkebunkone, som stod uppå slindene i mjølkebui, so det synte vegen etter han. Trast etter døydde ein gut der, han Andris i Plasse.

Når ein svart hakkespett ven seg innåt husi og hogg på utveggen i sengeroi, er det merke på at det er feige folk der i huset.

Ser du tvo stikkor som ligg i kross, kjem du te spyrja ein daud. Ligg den største stikka øvst, blir det ein karfolkdøde. Er den minste stikka ovanpå, blir det ein kvinnfolkdøde. Dette er sikkert merke. Eg har sjølv røynt det.

Bryt ein hol i eit brødstykke, når ein bryt av flatbrød, so er det feige folk nær ved. –

Eg har set draugeljos. Det var ein vinter so utpå vårlaget. Eg tente endå i Nordre Lien. Det var um kvelden. Eg gjekk ut og skulde læsa att døri. Det var so seint at me skulde leggje oss. Ress so best det var, såg er noko kom fildrande ut or gangen som eg stod i. So fildra det burtover garden føre meg og ned i stabbursgangen.

Tre dagar etter døydde ho so brått, den gamle kjerringi der, Sofia i Lien. Ho var barnefødd der på garden.

Det såg ut som eit ljos det eg såg, men det var blåare. Det var ikkje so illblankt som vanleg ljos. Slikt draugeljos viste seg der det var feige folk.

Øylus sit i veggene. Ho er ørande liti og kylt. Serleg held ho seg i gamle hus. Var det sers inykje tå henne i eit hus, vilde dei ha det te di at der var feige folk i det huset.

Dersom hestane, når dei kom ut, gjekk burt åt kjøkendøri og rulla seg med enden mot døri, var det eit dårleg mark. Det var eit sikkert merke på at det var feige folk i huset.
Når gamle kyr slo seg or, var det ofte merke på feigd'n. At kyrne slo slo seg or, vil seia at dei blir ute for utrivnad: legg seg burte, blir vonde mjølke, let åv (sluttar mjølke) o. s. b.

Vestanfor var det ein plass som heitte Hilmeplassen. Der hadde det sete ein gauk på peispipa og gale. So hadde det gått so gale med han, at han hadde dotte ned gjenom pipa. Då dei tok ned spjeldet, låg han daud på det. Men det var ikkje lenge etter før mannen døydde. At gauken gol inn ved husi, var feigdamark.

Dreg reven seg te husan, er det for feige folk. Ei stund før Kjørstaden på Måno døydde, heldt det seg ein raudrev under fjøsgolvet på Måno tidt og ofte.

Det er mange folk det blir so utasteleg med smått, kvitt bet (lus) på, når dei skal te døy. Dei sa då at dei hadde feigdalus.

Det er noko gale på ferde um ein hane eller ei høne stuper daude. Det skal helst vera nokon feig der i heimen då.

Det er eit dårleg mark å få svarte kalvar undan ljose kyr og svarte lamb undan ljose søyor. Dei ha det te di, når slike dyr kjem te verdi, at det skal vera feige folk i vardnae. Desse dyri kalla dei difur feigdakalvar og feigdalamb.

Ofte tykkjer ein at ein ser folk. Men sidan syner det seg at det ikkje er sant. Då har ein set feigdi åt den dei såg, sa dei gamle.

Der stjernone rapar ned, døyr det ein.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *