Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Varsel paa Gjelstad i Brunkeberg

 

Ein som heitte Sterke-Bjørgulv bruka paa Gjelstad i Brunkeberg kring 1780. So var det ein kveld at son til Bjørg-ulv skulde eit ærend til Aase, grannegarden. Daa han kom burti Deilde-dalen, so stod det eit undarleg dyr midt i vegen. Det var paa skapnad som ei høne; hovude likna som paa eit menneskje, men det hadde grisetryne. Augune lyste som glodande varme, og i tryne hekk ein glodande ring. Det kunde tala au, og daa let det so rart, som naar ein talar ned i ei tom tunne. Dyre gloste paa guten og sa at ‘n maatte slutte aa banne so fælt som ‘n hadde til vis, for han skulde snart døy.

Guten vart mest vitskræmd, og tok sprange heiman til far sin og fortalde det han hadde sett. Daa tok Sterke-Bjørgulv guten med seg burt i Deildedalen att og vilde sjaa; men no var alt burte.

Detta hende um vetteren. Vaaren etter flutte Bjørgulv fraa Gjelstad og nedi Kvitseid att. Sonen hans var med og køyrde flutningslass, dei f6r yvi isen, og daa gjekk guten igjenom og drukna.

Talleiv heitte ein bøhering. Han var bonastor og sterk og dertil ei fæl uvyrde, som aldri let seg skræme av noko slag; han var namnspurd soleis.

Det skulde vera ei likferd i grannegarden, og dit var Talleiv bedin. Kvelden fyre var ‘n eit ærend fram i bygdi, og paa heimvegen for ‘n gjenom tune i likferdsgarden. Det var seint paa kvelden og alle hadde lagt seg; men ljost i vere var det so han væl kunde sjaa.

Daa han kjem midt for lødo so bankar det tydeleg tri slag i lødeveggen. Talleiv stansar og lyder, men daa er alt stilt. Han snur seg og vil gange, men daa bankar det att, og Talleiv stansar paa nytt lag. Detta varde fleire vendur; men seinstpaa vart ‘n leid og vilde skunde seg heim. Daa møter ‘n eit menneskje, som gjeng midt imot ‘n. Talleiv gjev ein stans, og menneskje talar til honom og bed at ‘n endeleg vil gange inn paa grannegarden og segja mannen der, at han for alt ikkje maa reise til likferds næste morgon, elles vil det hende ei stor ulukke. Daa detta var sagt so kvorv menneskje burt, og Talleiv reiste beint til grannegarden, vekte uppatt mannen og sa detta ‘n skulde. Mannen, Olav heitte han, berre geipa seg og flirde aat sovore tull. Um morgonen reiste han til likferds like fus, som ingin ting var. Talleiv sat heime til stort bisn for alle i grannelage, for han vane ikkje vera sein til møte fram der som var drykk og dram aa faa; men denna gongi vilde han ikkje flytja foten utor stogo alt dei trygla og bad honom.

I likferdsgarden drakk dei og dundra i harde tak som vis og vane var i gamledagar. Olav, granne, og ein annan var fraa førr i uvenskap og no kom det framatt i fylli. Dei var til kjanglast litt utyvi kvelden, men lenger utpaa somna dei jamnsides i sengi uti ein kove. Ingin gauma meir etter dei førr um morgonen. Daa kjem Olav inn og segjer at sengjekameraten hans er død, og han veit ingi orsak til det. Alle ottast Olav var vollaren i detta, men daa dei skulde sjaa etter so fanst det ikkje merkje etter noko slag paa like som kunde tyda paa ugjerning.

Mannen totte ligge som ‘n la seg og hadde eit svart silketurklæd um halsen. Daa ingin kunde finne merkje etter brotsverk so vart det aldri meir spurlag etter orsaki til dauden.

Men Talleiv heldt seg tigjands og ville lite tala um detta som hadde hendt honom kvelden førr.

«Men dæ va ikkje noko vondt mot eg hadde den kveilen,» sa han sea.

Men kva ‘n hadde møtt, og hossleis det saag ut, hadde han ikkje lov til aa segja, heller ikkje alt det dei tala um.

«Men hadde folk sett bære etter paa halsen til den døe, saa hadde dei sett blaasvarte stripur etter fingar som hadde gripe ‘n dær,» sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *