Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Varsel


Hikstar ein, er det ein som gjet deg på namn, sa dei gamle. Gat dei då på den rette, slutta del å hikste.

Nys ein over maten ein steller med, ein gong, sa dei gjerne:
«E nys gjeste åver mat'n min!»

Nys du ein gong etter du har lagt deg um kvelden, sa dei gjerne:
«De bli nok fåare enn fleire i mårgo kveld!».

Det skulde bli nokon burte då. Og dette heppa nok etter med.

Når nokon i gamle dagar vilde gje burt eit dyr, ein killing, eit lamb eller kva det var, skulde dei ikkje beint fram gje det burt. Den som fekk det, skulde ikkje koma te å ha god lykke med det når han laut takke for det. Det vilde då lett slå seg or. Difor «selde» dei dyret for ein skilling eller tvo, so hin slapp å takke for det.

Nede i jordi er det ofte raude og svarte tordivlar. Når dei grov ei hustomt i gamle dagar og kom inn på ein raud tordivel i tufti, var det eit dårteg mark. Då skulde huset som dei grov tuft åt, snart korna te brenne ned.

Henrik i Måno, seinare kalla Henrik i Brustogun, åtte det Måno som no er landbruksskule. Han hadde fått denne garden tå far sin med bu og bøling.

Ein kveld hadde han vore på Nes og male. Ut på morgonsida kom han att. Då han kom på Leirasanden, so han såg heimatt, totte han at låven sin på Måno stod i ljos loge. No hadde han Henrik ein støl (tjukk l), gamal hest. So batt han upp taumane på han og let han gå heim sjølveseg. Sjølv la han på sprang beinvegen. Men då han kom fram, var det kurt og som det skulde vera. Nokon brand var det ikkje teikn te at det hadde vore.

Men ei stutt tid etter fekk han Henrik anna vita. Då stod verkeleg låven hans i loge! Det gjekk soleis te:

Han Henrik hadde ein tenestgut, som dreiv og treskte. Denne guten hadde ein skylding på Månomarken, næraste garden. Ein morgon guten dreiv på låven, kom han på at han skulde gå burt te denne skyldingen. No brukte dei det den tidi at dei hadde talgljos med seg på låven. Dette sette dei i ei treflis, som dei sette inn i låveveggen i ein sprekk med eine enden. I den hin enden laga dei ein runding, som dei sette ljoset i. Då tenestguten sprang avgarde som aller snøggast, gløymde han å sløkkje ljoset. Då det hadde brunne ned åt flisi, datt det ned i loi og tende halmen. Då guten kom utatt tå Månomarken, stod låven i frasande eld. Dette hadde han Henrik tott han hadde sett føreåt.

Når ein tykkjer ein ser brand, varslar det ofte brand. Det er mange som har røynt at dette slær te.

Når ei kjerring får tvillingar, skal det ikkje bli slutt berre med dette. Då skal i alt tre kjerringar få tvillingar i grannelaget.

Var det tre sælebots-daudar i ei grend, skulde det snart bli tre syrgje-daudar òg. Fall det burt tre stakkarar, skulde det med det fyrste falle burt tre av betre stand òg.

Kleiar du på hoka, skal det falle på ein skjeggut mann å døy.

Kleiar du på vinstre hælen, blir du beden på ei ferd du ikkje har lyst te å gå på.

Kleiar du i høgre handi, får du anten ei gåve, eller òg kjem det ein langveges frå og helsar på deg.

Kleiar du i vinstre handi, kjem det nokon og vil ha noko tå deg.

Sopte nokon stygt golvet, skulle dei få slurvut kjerring eller mann, etter som det var kar eller kvinne som sopte.

Har ein på seg vrange klæde, skal ein bli ill eller vrang heile dagen.

Bit ein seg i tunga, skal det korna ein svolten ein te gards.

Bøtte ein klædi på seg skulde ein ikkje bli gift.

Det hender ofte at ein sår havre og får att bygg. Ein gong hende det meg med. Eg kasta ned i ein liten åkerlapp mange nevar havre, men fekk att herre bygg. Det kjem vel av at jordarti og årgangen er slik at berre havren trivst.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *