Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Vass-Per

Det var han som arbeidde fram Bol-vatnet. Han var så hardt innpå-sett, at var ikkje vatnet framme ein fastsett dag, skulle han ingen ting ha for arbeidet. Han arbeidde og gret, gret og arbeidde, blir det sagt.

Det var lita betaling og eit vanskeleg arbeid med dei hjelperåder han hadde. Såleis brende han berget, om det var uråd å gå omkring det med vassvegen. Sume stader ser det beint fram ut som om vatnet renn mot bakken, men det gjer det nok ikkje, for Per hadde laga seg ei vater-våg som han sikta inn med.

Ein stad måtte han leggje vassvegen gjenom ei ofansleg grovgrynt og storsteina urd, ein annan stad måtte han leggje opp vassvegbreidda over eit slett skråberg, ein tredje stad la han vassvegen innetter og rundt eit dalsøkk, og her syner det far etter at han har arbeidt eit stykke på måfå. Men vatnet kom fram, og i rett tid.

Det vart monaleg større avling på gardom etter at Bol-vatnet kom. Året før var det berre sju bører med høy i Tykket, fortalde Erland Marstein ein gong.

Ein varm-sumar fekk dei moge korn tvo gonger på ein åker på ein tå Krøkjegardom, fortelst det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *