Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Vassbakkane

Ei kone frå Vassbakkane var dårleg i ein fot. Dei lånte seg ein ridesal og reiste til Humborstad i Nordfjord. Der var ein mann som kurerte henne. Mannen vart meld for kvaksalveri, og saka kom for retten. I retten spurde skrivaren kva medisin mannen bruka. Kona svarte: «Han bruka Rosenolje nr. 13». «Kom du deg av det», sa skrivaren. «Ja», sa ho. Skrivaren spente då oppi lufta med eine foten, «Kan du spenne so høgt?» sa skrivaren. Kona spente då høgaren enn skrivaren.

2. Korshuset på Ulvestad stod i Korsåkeren. I Hansgarden var der att nokre fjøler som skal vere av korshuset. Dei er rosemåla. Nede ved sjøen utanfor elva er ein gammal kyrkjegard. Elva tok den ut for 50 år sidan (i 1880-åra).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.