Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

VASSBERING

Ein bonde hadde vore ute i skogen på vedahogst. Det hadde regna svært
heile dagen, så han var heilt gjennomvåt. Trøytt og svolten kjem han
heimatt. Men då han kjem inn i kjøkkenet, sit kjerringa hans, ho Kari,
og tvo-tri andre kjerringar og held kaffislabberas og pratar om både
laust og fast. Då Kari ser mannen sin, seier ho:

– No kan du gå ut til brunnen og henta litt vatn medan du er våt korso og i lag til det.

Mannen tek stilt vassbytta og gjeng ut og hentar vatn utan å seia eit
ord. Då han kjem innatt, gjeng han bort tiI ho Kari, og slær vatnet
over henne og seier:

– No kan du gå ut og henta litt vatn, du og, medan du er våt og i lag til det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *