Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Vassorm ved Busjøen og Hafsjøen

For vel eit hundre år sidan var det ein vassorm som heldt til ved Busjøen og Hafsjøen. Han hadde vegen sin millom desse to sjøane. Det synte seg breide far i graset etter’n. Men det var ingen som fekk sjå han. Nokre karar sette opp ei gildre med ei stor tindharv. Og det bar ikkje betre til enn at denne vassormen kom og fekk denne harva over seg. Han hadde bauka noko meir enn fælt før han sette til. Det hadde runne ei mengd med blod av han. Det var reint stygt å sjå. Denne vassormen var fleire meter lang og dertil grov. Den hadde slegi av ei sveiggran med spolen for den døydde. Ikkje lenge etter vart han køyrd vekk for det tok til å stå slik vond stank tå han.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *