Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Vassorm ved Grunntjenna

Ein gong ho Kristine Tostensdotter Snesbøllia gjekk og slo sev til kyrne sine ved Grunntjenna, så fekk ho sjå at det var noko som lea seg i støret attmed ein flåte der. Ho Kristine gjekk strast nærmare for å sjå kva det var, men da vart ho nok ikkje så lite redd. Ein stor vassorm låg der. Han lyfte opp hovudet og kom seg uti vatnet med ein gong.

– Han var tjukk som låre mitt, sa ho Kristine, og han hadde gule ører og ein gul ring kring hærsen. Åver kroppen var han svart all med sæ.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *