Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Vatn, skadejarn og angerstål

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Det var helsebot i nordrennande vatn.

Når dei sette burt ei gryte um kvelden, let dei det stå att ein skvett vatn i ho. So kunde ikkje tussane bruka ho.

Det var helsebot i skadejarn eller skadevåpen som dei ogso vart kalla. Skadejarn (kniv, sabel, øks o.l. som hadde teke livet av eit menneske) hadde lækjekraft og var gode for mykje og mangt. Det var ting som dei gamle hadde stor age for. Men våpen som var brukte i krig, vart ikkje rekna for skadevåpen.

Skadevåpen vart brukte til å stryka med over stader der det var vondt, over byldar t.d., men aldri over opne sår.

Ein gravar ved Vuku-kyrkja hadde fortalt noko um ei byrse. Forteljaren kunde ikkje hugsa anna enn at denne byrsa hadde drepe ein mann. Med den byrsa måtte ein vera sers varsam. Når ein brukte ho, var det visse ting ein måtte passa på, elles kunde ein råka den Helligånd. Og den som var so uheldig, vilde bli rar og tumsen all sin dag, og han vilde aldri bli frisk atter.

Ogso i angerstål var det helsebot. Angerstål er stykke som sprett or kniven, øksa eller andre slike stålreidskapar når ein bruker dei noko keiveleg på harde ting.

Angerstålet vart brukt til å stryka med over stader der det var vondt.

 

 Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.