Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Ved Hamarnes var dei ute for ein utbor…

Under Masstusletta ved Hamarnes (Beiarn) har dei vore ute for ein utbor. Det same har vore tilfellet på Haugmoen. Det var ein liten, naken barnsunge som for og vasa rundt kring ein stein og ropa: «Fikkjonga! Fikkjonga!» Han fraus på føt’n, og bad um fotklea. Dessutan søkte han på etter dåp, denne og. Og det fekk han då sluttpå.

Det var ein mann nedanfrå dalen som kom reisande framuro der. So hadde denne utboren tedd seg for han. Mannen visste kva som skulde til; men so fekk han ikkje forstand på kva slag dette var, antan det var glunt eller vekje. Men under det han gav ungen dåpen, sa han: «E døyp de på ei von, Guri hell Jon.»

Og attpå dette skal det ha vore stilt der ved Haugmoen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *