Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Ved Lapp-Nilshågen innum Høgforsslett…

 

Ved Lapp-Nilshågen innum Høgforsslett tedde det seg noko av same slaget. Det var to ovantil Beiardalen, dei kom av Moldjord. So vart dei vis ein svart tull som kom furande etter vegen. Det sette framum dei, og etter alt dei kunde sjå, so vistes det som ein liten sekk. Ein av karane gjekk med ein stav i handa; denne slengde han frami vegen, etter, og bad han tykje ta rett på rasket sitt, so folk slapp ha det vasande kring føt’n.

Innum Dambekken ved Hamarnes har det vist seg ein svart okse medkvart. Ein glunt frå Myrvoll gjekk den vegen ein kveld, og fekk då sjå dette utysket. Glunten tenkte fyrst det var ein som var komen ditett rallande med kyrne. So tok han til å hota åt oksen og gjera mål; men han skreid berre unda og var tyst. Glunten hadde han no fyre seg til han var med bekken; men der kvarv oksen burt midt på sletta (Beiarn).

Ja, dei har fare og set slikt på fleire stelle her i Beiarn, soleis nedmed Fiskosen. Eg kom køyrande ein morgon; og so la hoppa til å skvett. Og då eg fekk hemta henne og skulde sjå attover kva det var ho vart redd, då stod det eit stort beist av ein okse atti vegen. Men med eg sat og undra meg over kva manns kretur dette var, vart oksen burte for meg.

Ein av Jentoftane på Arstad fekk sjå der ein hest som var fri for hovud. Han stod i grøftkanten og vende inn mot vegen, so det vistes so tydeleg der halsstubben slutta. Og der lyste det raudt i kjøtet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *