Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Ved Nævervatnet (Fauske) skal vera sylv…

Ved Nævervatnet (Fauske) skal vera sylv. Reinen hadde som ein farveg over dette romet gammalt attande. Og sylvåra låg berr i dagen, so det vistes marke for reinklauva i gangen.

Men lappane var redd at bygdefolket skulde få tak i dette. Det vart då dei som fekk frakta kisen til bygda um det kom til å bli drift der. Og so hadde lappane kasta jord over. No er det ingen som veit kvar denne gangen er.

Same råda nytta lappane i Kråga, innum Vassbotnfjell (Saltdal).

Ja, der var det ein sylvgang som låg i dagen. Ein av dei siste som visste av denne, var han Andreas Jungen, ein gammal lapp.

Dei siste leveåra var han buande i Vassbotn. Og dentid han tok til å bli klein og uformåande, var det ein mann der i Vassbotn, han lyddest um lappen medkvart. Dei kom då i tal um mangt; og eingong bar det til um sylvet i Kråga. Han Andreas hadde då lova det han skulde ta den andre med seg ditett og visa han sylvet, so sant han vann seg i fjellet meir. Men det gjorde han no ikkje; han døydde frampå vinteren.

Han Kåsmo-Anders var i Øverdalen (Skjerstad) og leita etter hesten. Og under dette gjekk han seg over ein sylvgang; han kom gangande over eit svaberg, og sparka laus ei torve, og so var sylvåra under. Han peka ut noko med kniven og hadde med heim.

Men då han var baker for å ta meir, so visste han ikkje å ta att romet der sylvet fanst.

Det skal elles finnast sylv på eitt til stelle millom Saltdal og Misvær, etter det dei gamle sa, ja.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *