Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

Vegar og samfærdsle i gamal tid

Av Andreas Tveit

Den store vekt som eit godt vegsamband hev for eit herad er klår for einkvar, men dåvissst for folk som bur på landet. Difor hev folket i vårt land ogso gjenom tiderne reist kravet um nye og betre vegar. For ligg ei bygd eller ei grend avsides so vil folket der ikkje kunna fylgja med i utviklingi. Dyrt og kostesamt vert det dei skal skaffa seg og vanskeleg å få avsetja det dei sjølve hev å selja. Men å byggja vegar i vårt land med fjell, myrar, elvar og bekkjer veit ein fell meir kostnadsamt enn der ein hev slettelandet fyre seg. Med ferdavegar var det i gamle dagar smått stell. Men so ligg det 35 km langs Nisservatn frå sudenden i Treungen upp gjennom heradet til grensa mot Vrådal i Kviteseid herad. Dette vatnet vart difor i farne tider bruka som ferdaveg upp og ut. For langs etter aaustre strandi gjekk berre ein smal klyvjeveg som på ymse stadar var tung å taka seg fram på, særleg framum Mjågetofjellet. Det var difor ei stor hjelp då Staten i åri 1850-51 bygde den noverande storvegen langs denne strondi. Den var eit ledd i eit vegbygg frå den sørlandske kystvegen frå Fiane i Holt og upp gjenom Vegårdshei og Aamli og so vidare gjennom Treungen og Nissedal til Spjotsodd i Kviteseid herad. Denne vegen saman med vegen Fiane-Arendal hev ei lengd på 140 km.

Når ein tek ifrå stykket Haugsjåsund – Tveitsund ca ½ mil og nokre andre stader t.d. Mjågeto i Nissedal var lendet tollegt fint til vegbygg langs Nisserstrendene heilt til bytet mot Vrådal. Vegen vart lagd umlag langs etter den gamle ridevegen. Berre på eit stykke frå Tveitsund framum Kåsi, Skjeggestad og Aarak vart han lagd nedanum desse gardane. Utanfor Mjågeto ligg på nedre sida av vegen nokre store steinar som vert kalla Heradsteinane. Dei hev vore sundsprengde med nokre uvanleg store minebor og skal vera sprengde som festskot.

Truleg var det stas då dei hadde greidt det stygge Mjågetofjellet. Dei hadde berre krudt å sprengja med difor fekk dei jamnastfin stein og mura vegsidune lange stykke. Det vert fortalt at bonden i Kåsa var so godt tilvens med veginspektøren at han fekk han til å reinska jordet for store steinar og byggja vegen på høg mur yver heile jordet. At der kom storveg uppyver til Kviteseid hadde mykje å segja. Der budde millom andre sorenskrivar, fut og doktar. I det kyrkjelege hadde Nissedal og Treungen, som nemt andre stadar, vore saman med hovudsoknet Kviteseid heilt til 1810. det hadde då vore for prest og ”øverheit” å fara med roskyss ut Nisservatnet frå Eidstoi i Vrådal. Gamle folk kunde fortelja um når dei var ute i presteskys, for det var nok ikkje alltid at der var stilt og fint å ferdast etter vatnet. Eit døme på dette er den forvitnelege skildringi som ein dansk greve Reventlorv gjev av ferdi si upp gjenom Aamli og Treungen og vidaare uppetter Nisser til Fjone i 1811. han skreiv um den fæle vegen upp til Tveitsund der dei ”emborqerte” seg i leke pråmar og heldt fram i regn og storm.

Um vinteren når isen låg sterk på Nisser var det bra med samferdsla yver til grendene på vestsida av vatnet, men so er det vanleg at der spring store ræker og desse hev kravt mange menneskjeliv. Når isen var sterk, vart veg uppstikka frå Kyrkjebygdi yver til Fjone og den måtte merkjast upp og brøytast. So skal umtalast ferdsli ut or heradet i gamle dagar. Nissedølane bruka å fara yver heidi til Tørdal og frakta varune heim på hesteryggen. Det var helst frå Kråkerøy dei henta desse. I Treungen gjekk det likeeins med å klyvja. Her for dei ut Kjøruldvatnet og so ut vatni utanfor ved grensa millom Treungen og Aamli. Derifrå var det å taka klyvevegen utyver, enten yver heidi um Gjerstad til Risør eller yver Vegårdshei til Tvedestrandi og Arendal. Ein skynar at det var mykje strev med å taka seg fram her. Veteranen Olav Dale for ein gong upp Solheimskleivane i Gjerstad og i ein bratt fjellsprang rauk hesten attyver med klyvi og vart liggande på ryggen.

Ved den nordre enden av Stopsvatn syner tufti av eit lite hus der det var stoppestad for ferdakarane. Der fekk dei seg ei kvild etter rosjauen, fekk seg mat og kunde få seg ein dram, då dei hadde lov til å selgja brennevin der. Når dei so tok til att var det å ro Midtvatn og Kjøruld og upp elvi til Tjønnefossen. Derifrå var det atter med klyv til Tveitsund og so var dei ved Nisser. Av Nissedølane ogso hev ferdast denne vegen viser seg av Pål Grovum i 1789 stana på Rausandmoen på Vegårdshei, der han måtte vera prest og heimdøpte eit barn. Som alt nemt vart den i 1850 bygde statsveg til stor bate. Men Treungen sokn var grisgrendt og høvelege åtkomstvegar til den måtte ordnast. Soga um dette høyrer ikkje til her. Men som eit døme på folket sitt bol med å taka seg fram til bygdar og storveg  kan noko takast med. Den avsides liggjande Fellegrendi hadde som saamband med bygdi ein sokalla rideveg med klopper i myrar, etter bregrindar(?) og upp den eine kleivi etter den andre yver heidi til Heimdal og Treungen kyrkje.

Her traska Fellefolki på tresko når dei reiste til kyrkja og skifte fyrst sko på seg når dei kom fram imot Kviteseid. Det galt um å spara på skofoti. Ein kan skyna kva strev det var når dei skulde til dåpen med borni sine. Ei kona på Onstad sa når ho tala um dette: ”Aldri, aldri gløymer eg den reisi”. Ho var ikkje van med å sitja i tverrsal. Men elles var kvinnfolki i Fellegrendi ikkje seine med å kasta seg på hestryggen og setja avgarde i tanande renn. Same strævet var det med ø føra dei døde tiljords. Dei sokalla ”Liksengjer”, steinar som er lagde rundt likkistune på kvileplassane vitnar um dette. Det er mange sogur um ferdane yver denne heidi, i snøskavlar um vinteren og i solsteiki um somaren. Ein mann frå Skåli sa ein gong då dei sa til han at det var så vondt å ha so ein veg: ”Ja, Fellevegen er lang, men so er han so smal”: Ein annan gong sa han:”Eg for med smørklyv uppyver, og i Almelikleivane steikte soli so eg trudde smøret mit hadde bråna og runne aav og kome til seg att nede i Kjøruldvatnet”. Men so var no denne mannen ein skjemtegauk av rang. Andre tider og tilhøva kom etterkvart, soleis ogso med ferdsli etter Nisservatnet då dampbåten Dølen vart sett i fart der og på Vråvatn, etter at leidi millom dei vart gjort farbar ved hjelp av ei sluse. Men for timmerflotane er Nisser enno den gamle ferdavegen på reisa deira mot syden.

Eit anna umbrøyte må nemnast til slutt, då jernbana nådde heradet med endestasjon på sørsida av den gamle ferjestaden i Tveitsund. Då var det slutt med ferjingi der, for den aukande ferdsli tvinga fram byggjing av den store fine brui som gjeng i ein høg steinkvelv yver sundet i eit spenn på 60 meter. Det vart til stor bate for folket i fjellbygdane då Staten i midten av 1850 åri bygde veg frå den Sørlandske hovudveg ved garden Solberg i Holt, Aust-Agder og uppyver til Spjotsodd, Telemark. Vegen kom til å gå langs Nisservatnet der den gamle skrale ferdavegen hadde lege og no var det slutt for Nissedølane å stræva seg fram her med matklyvi på hesteryggen. Vatnet som frå gamalt av hadde vori ferdaveg kunde vera ufarbart, vind, ja full storm suma tider, og endå verre når isen gjekk upp om våren og der vart meinisa. Men det skulde verta endå betre. I slutten av 1860 åri vart det skipa til fart etter vatnet med dampbåten ”Dølen” og det var ikkje lemge fyrr turistar utanfrå fann vegen inn i Telemark. Ja no stryk dei gjenom bygdi etter flat og fin veg i bilar og bussar og stakkars gamle ”Dølen” greidde ikkje å tevla med dei, men laut slutta. Han hadde fortent ein krans for sitt arbeid gjenom dei mange år.

Ja turistar og ferdafolk elles kjem nok greitt fram i bilar og bussar, men det er eit spursmål um dei ikkje hev mist noko som dei gamle hadde. Desse kunde få eit mykje betre utsyn frå vatnet yver naturen og bygdi med sine grender på båe sidur. Når dei frå dekket på ”Dølen” ein vårdag for etter Nisser som låg der speglande blangt og dei såg bekkjerne som kvite strimur hosta mot fjorden, der skumdotten svam som kvite svanur, ja då hadde dei eit syn so turistar no kann misunna dei. Når den utanlandske turisten for framum Nissedal kyrkje kunde han segja: Nei men, her var då fagert.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *