Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Vegen gjenom Stigedalen

Vegen gjenom Stigedalen var nesten blokkert frammanfor Løsetsætra. Eit fjell som var noko bratt, rokk heilt nedi elva. Der var reist ein furetopp, og greinene var kvista slik at folk kunne gå over på ei lita lægd i fjellet. Denne plassen var kalla Stigen. Folk frå Nordfjord kom ofte over Stigedalen og bar med seg ting dei hadde arbeidt om vinteren, både bollar og lagga kjerald. Mang ein bolle og treskål bar han Sika Wenrik og han Jon i Moene over Stigen. Dei kom dit og bytte sine varer i korn. Prisen for ei lita skål var å fylle henne to gonger med korn. Ei stor skål skulle fyllast ein gong. Dei hadde med seg ein sekk som dei fylte og bar den tunge børa med seg heim att over Stigedalen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.