Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Veidn


Det plar ofte ikkje gå vel dei som piner og plagar dyri i veidn. Dei får ofte ein hard daud. Stundom vert dei vanføre og usle. Andre gonger får dei sår, som ikkje vil gro. Det hender og at dei vert råma av ulykke.

Det var ein mann i Stavadale i Sør-Aurdal, som var so fæl te skyte rjupor.

So var det ein vetradag han var på åsen og skaut. Te meir han skaut, te meir rjupor kom det i kring han. Teslutt vart han reint fælen. —

Kjerringi hans var heime med ein liten ein. So skulde ho åt bekken og skylje klæde. Ho venta på at mannen skulde ha kome heimatt. Han skulde so ha passa ungen med ho var i bekken.

Men han vart burthefta med skytingi lenger enn meint var.

Kona laut då gå åt bekken frå den vesle ungen likevel. Med han tusla inne åleine, gjekk han burt åt varmen, og so fata det i den bundne ullkjolen han gjekk med. Då kona kom inn, låg ungen forbrend og daud på golvet.

Det har vore sagt at når ein skulde på veidn, so hadde det noko å seia kven ein møtte. Det var nok sume det ikkje fylgde noko godt med.

Dei sa at det var dei som var so gode at dei kunde fjetre te seg vilt.

Dei hogg alltid nasen tå haren når dei hadde veidt han. Dette hadde nok grunn for seg. Dersom veidaren bar på ein heilnasa hare og møte ei fremmeleg kjerring, skulde ungen ho gjekk med, bli haramynt.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *