Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

Veig og stig åt Holongssætrom.

På sjølve sæterstulen er det mykjy både flatt og skapleg lende, men
nedafor er det verre. Aller minst er det skapt for å få til brukbar
adkomst. Synnafor Holongsgjelet er det berg i berg, nordafor går berget
over i stupbratte. Berre på eitt stelle nedafor nørdre sætrin er det
ein flekk der det kunne gå an å koma fram utta direkte å klatre. Her va
nok fyrste råket da di fyrste rydningsmenn såg etter sæteremne. Fyrst
rakt upp litt lenger sør enn der veigen går nå. Um det gjekk an å kjøre
med hest der, kan ein mest ikkje tru. Så la døm seinare veigen meir i
krok og svinger. Desse folkje ha vore gode ingeniører, og fann ein
utveig der ein ikkje kunne tru det va råd. Millom stupbratta og
bergestupet lenger nord er det eit lite pass. Med stort arbeid vart det
der såpass at ein kunne kalle det kjørveig. Spranget heiter det her, og
den bratte og tverre svingen der det ber utover bratta, er kalla
Sprangsnuen.

Her i den gamle veigen va det hardt nok for ein hest å halde att for
eit høgt høy- eller måsålass. Verre va det for døm som ikkje hadde hest.

Å stå i skjækom der nedover kunne mest gå på livet laust. Reddingje va
da å setja på rejst (bremse) over meien på sleda eller skikjølkjé. Det
va enten kluråte klåvå tå smijønn, eller kjettingstubber.

Dette fekk eg sjøl prøve å vera med på, så seint som i året 1941. Han
Anton hekta attpåtil i hop to skikjølkjer, med ein knekktong måsåhaug
på kår. Oss ha da på to reister på kår kjølkje. Han Anton, som va hest,
stritta imot med jønnskodde hæler, og det såmå gjorde eg, som heldt i
ein reipstubb attafor lasset. Eg tilstår gjerne at eg var glad og letta
kår gong oss kom velberga ned.

Vidare søover åt Kjellykkjun, med flat veig og någå motbakker, vart det
omvendt. Sjølsagt tok oss da berre ein måsåhaug um gongen. Han Anton
sterta og drog, og eg skauv på med den vesle makti eg hadde.

Slik gjekk det her gjennom alle år, upp li og nedover li, vinter og sommar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *