Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Veimillin

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde som ikke har noe med historien å gjøre. Bildet er tatt av Ole John Nilsen.

Ola Endreson var fødd i året 1807. Bestefar hans var den namnspurde Drikkar-Ola Kvarn. Og når han er nemnd, kan lite grand um han med takast med. Han kom ein gong neatil frå Romsdale, og så kvilde han i Kleivstugun. Han og Kleivstugumannen vart da forlikte um å byte øykj om, som dei og gjorde. Men da Kvammin var reist att, tok dei til å tvile for at han hadde snytt dei på øykjebytet. Og det har vore hermt etter Kleivstugukjeringen at ho sa:

– Eg var etter ‘om uppå bakkjen og gav’ om eit ynskjan, eg.’

Korleis det nå meir var med dette, um det gjorde noko eller ikkje, det er ikkje godt å veta, men frå den ti’e tok Kvammin til å drikke, og til slut drakk han seg frå garde, og så busette han seg ogofor Holobakka. Sonen hans heitte Endre, og han busette seg i Veimillom. Og Endre var far åt Veimulla. Her vart da han Ola Endreson uppålen. Det var mykje låke år og harde ti’e, og han Ola slapp nok ikkje anna han laut vera med i arbeid så snart han kunde gjera nytte for seg. Og dei skulde ikke store vera til det, den ti’e. Han vart ikkje høgvaksen, men svart breilagd og sterk. Han var både murar og timbrar, og greidde desse arbeide framifrå godt. Når eit hus skulde toftast, var det han som fekk legge grunnsteinen, og når muran var i stand, tok han Ola økse, og da var det nok fåe som hamla upp med ‘om.

Når det trefte til så det ikkje var byggjing å få, så dreiv han med lagging, og det vart da snart slik at det var denne arbeidsgreine som vart den vissaste for ‘om. Han lagga store kjær, stampe, stetto, kagge, balja, bytto, embare, mjølkeflesko, kjukbytto og gjætleflesko. Ennå den dag i dag står det att mangt eit stort kjær som han har lagga, med store tenar-gjørde på. Det finns kjær så store at dei går ikkje gjennom døre, så dei må vera lagga inni det romet dei er.

Han arbeidde seg ein lettvoren skikjelke og drog lagga-koppar over fjellet åt Eikjesdale. Det var helst kjær og bytter han drog slik, og bytte dei burt for korn. Så drog han kornet over fjellet heimatt.

Ola var gift tvo gonger. Eldri heitte fyrste kjeringje hans. Med henne fekk han fire horn: Brit, Ymjer, Endre og Hans. Men så kom «sotte» i heimen hans. Han miste både sonen Hans og Eldri, kjeringje. Dei tri eldste borne hadde da fløtt ut og fått seg eigen heim. Nå laut han Ola bale med alt åleine, både med kryterom og dei som låg sjuke, for det var ikkje nokon som tordest gå inn der sotte var. Sjøl smurde han seg med tjyru og åt lite attåt med for å redde seg for smittun.

Ei ti’ etter gifte han Ola seg med henne Sigri Bjørlibergje, og livde saman med henne i mange år. Så døydde ho og, og han Ola vart åleine att. Nå livde han einsleg til han døydde i 1890-årom.

Ola var ein fredsæl og godliande mann, som ikkje klaga um det stundom såg reint ille ut. Han hadde fått freista livet frå dei ymse si’om både godt og vondt, heilt frå denti’ han var bån. Han fortalde sjøl um ei julhelg med’ han var liten. Far hans, han. Endre, var ned i fjordom, skulde få ti eit og anna å leva tå. Men han rakk ikkje heim att til julkvelde. Da hadde dei ikkje anna å eta til kvelds enn ein turrfisk som dei sat og gnagla på. Han Ola gret når han tala um detta.

Han Ola vart buande i Veimillom heile sitt liv, og vart difor kalla Veimillin.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *