Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Vekja og reser

(Saltdal)

Det var ein gong ei kjerring som sat og baka lefse. Ho hadde ei lita vekje i lag med seg; og no ville vekja så mykje smaka ei lefse. Men mora sa berre: «Du får no bia urlite.» Vekja dreiv på og tigga. Du veit kor amper somme ungar kan vera. Sluttpå vart mora arg, ho tok ei lefse og kasta ut gjennom glaset.

«Tak no denne!» sa mora.

Vekja på dør. Men just i det same ho skulle bøya seg etter lefsa, kom eit vindkast og tok i henne så lefsa for tull i tull bortetter marka. Vekja etter, for lefsa ville ho ikkje bli av med. Fleire gonger var ho så nære innpå det var berre å bøya seg og ta om lefsa, men jamt heplast det for vekja, så lefsa fór trillande frå henne.

Dei kom no til ein skog. Og eit stykke inni denne skogen var eit raudmåla hus. Der rende lefsa mot huset, og vekja sette seg innåt veggen å eta.

Alt med ho sat der og togg på lefsa, kom det ein rese or huset. Vekja vart redd, kan du vita, og la i springinga. Men resen greip henne i armen og sa: «Det var no bra eg fekk meg tenesttaus.» Vekja skreik og streta imot; men resen bar henne i huset.

Så var det ein dag resen sa seg til å fara i skogen. Men innan han forlet heime, påla han vekja å fli om litt i huset alt med han var borte. Ja, fyrst ville ho reia opp senga, og gav seg til å ha sengkleda fram på golvet. Men dentid ho hadde unna hovuddyna, kom ho frami eit pengeskrin. Vekja tok no skrinet og rømde sin veg.

Vel ho var faren, kom resen or skogen. Då han vart vis at han var vorten av med både vekja og pengeskrinet, vart han så argsint han rende i veg etter vekja så det berre braka i skogen.

Dentid vekja merka ho hadde resen etter seg, la ho av bort åt ein saueflokk som gjekk og beitte.

«Kjære sau, tull meg i di ull! Resen er etter meg,» sa vekja. Så la sauene seg ihopen i ein tull, og vekja la seg midt inni. Just i det same kom resen.

«Tu, tu, tu! Har de sett nokor vekje her?» sa han.

Nei, det hadde dei ikkje, sa sauene. Men dei bad han fara heim til huset sitt og leita etter vekja der. Så fór resen.

Vekja krau no fram or saueflokken og fór med skrinet. Men då ho var komen, eit stykke, fekk ho høyra braket av resen. Ho vart no reint forferd, vekja; ho såg ingen stad ho kunne gøyma seg. Men så vart ho vis ein gammal mann med langt, kvitt skjegg.

«Kjære mann, legg meg i ditt skjegg! Resen er etter meg,» sa ho. Den gamle mannen tulla vekja i skjegget sitt. I det same var resen der.

«Tu, tu tu! Har du sett nokor. Vekje her?» spurde han. «Nei,» sa mannen; «men har du no leita vel etter vekja heime hos deg.

Resen vart no standande ei økt og tenkja; dermed fór han rennande heim.

Så rende vekja med pengeskrinet. Men då ho hadde sprunge eit tak, tok det til å spraka i skogen; det var no resen som kom etter. Vekja visste ikkje kor ho skulle berga seg. Men så fekk ho sjå ei kjerring som kom berande med ei storgryte.

«Kjære deg, gøym meg under gryta! Resen er etter meg,» sa vekja.

Så tok kjerringa og kvelvde storgryta over vekja. Men just i det same var resen der.

«Tu, tu, tu! Har du sett nokor vekje her?» sa resen. «Nei,» sa kjerringa; «men eg trur like snart du har vekja heime hos deg, eg.»

Dentid resen hadde tenkt på dette eit tak, strauk han heimetter.

Vekja fram unna gryta og fór med skrinet. Så fekk ho høyra det tok til å spraka i skogen att. Men no var ho motes heime, ho såg i husa. Og glad var vekja, kan du vita. Ho sprang beinast i kjellaren med skrinet.

Då resen var komen så langt fram som til skogkanten, toridest han ikkje lenger, men snudde heim.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *