Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

Vekkelsen i 1960 åra

Då den karismatiske vekkelsen for yve, og forbi Treungen, snerta han so vidt nedom Tjønnefoss før han fann andre vegar som var lettare framkomelege. Dette var tidleg på 60 talet då Åge Samuelsen var synonymt med Maran Ata. Nokre frelste etterlet han seg, men ikkje mange. Grenda var nå heller ikkje noko vidare kjend for det åndelege liv om laurdags kveldane før vekkelsen heller.

To av dei som blei råka av den heilage ande var tillfeldigvis naboar, det var nok mest tillfeldig at predikanten som budde på Tjønnefoss den vinteren var ei ung og fager mø i sin beste alder. Ikkje alle var like sterke i trua, så fråfallet var enormt sumaren etter predikanten flytte ut or bygda.

På den tida var der ikkje kurs i den nye rette trua så dei nyfrelste måtte vere sjølvberga på det åndelege Husmøte var heilt vanleg, og frammøte var stort etter folketalet stort.

To naboane som hadde vore vener og vel forlikte i alle år blei uvener etter ein diskusjon om det åndelege, det eine bibel sitatet tok det andre. Og den eine blei nå beskulda for ikkje å ville kome til himmelen, ”for det var like vanskelig for grisen å kome gjenom nålauga som for ein kristen å kome til himmelen” sa den  andre , ”din stut det er ikkje grisen det er kamelen”, svara den den fyrste. Den andre tengte seg litt om før han svara ”ja ti verre æ det vel din stut”.

Seinare fekk eg greie på at vekkelsen hadde vore innom Felle so svint, men det finns det ikkje noko handfast bevis for. Ein som yvevintra der, fekk spørsmål frå ein av dei innfødde om ikkje han ville med på vekkelsmøte ein kveld, ”he eg det ikkje trasig nok”svara han då.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *