Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Velsvik

Ute i Dyptene var ein plass. Han som sat der, heitte Arne. Ein gong var gamle Hauen der og raka. Der kom då eit menneske og jaga sauene. Denne skapnaden likna henne gamle Lisbet. Han kjende henne på «hysjingane». Gamle Hauen tok då eit høyfan-gan og hivde etter henne, «Er det desse høybustene du ovundar meg på, so ver so god,» sa han.

2. Det kom nokre vikingar inn Voldsfjorden. Voldingane samla seg inni fjorden og kom ut i Velsvikja. Der vart eit slag, og røvarane tapte. Dei sparde ingen mann og derfor vart vikja kalla Voldsvikja. Derav kjem Velsvikja og Voldshammaren.

3. På Lisjesætra har det vore to gardar på ein stad som er kalla Soldalsmyrane. Namnet skal i grunnen vere kome av Seldalsmyrane. Sætra er no kalla Veisvik-sætra. Mannen som budde på Lisjesætra, var rik. Det kom ein gong nokre røvarar, dei frette om mannen og ville ta frå han pengane. Dei lova at han skulle få ha livet dersom han hadde so mykje pengar at han kunne dekkje vegen nedåt sjøen. Men han greidde berre ned til KoppOla-fossen. Her skulle vere ein mann som heitte Ola som datt nedi fossen. Mannen hadde ein son som var 18 år. Han reiste inni Dalsfjorden og samla folk. Då røvarane kom inn til Løvikja, vart dei overmanna, og guten bad om å få hogge hovudet av han som drap faren.

4. Første mannen som bygde i Velsvikja heitte Olmann. Han budde ned på Bakken på Flatene. Her var ein gong nokre røvarar som budde i Sneldelida. Dei røva alle stadar. Men til slutt vart dei skotne.

5. Tjørehjell. Ein plass som heiter Svinåkeren hadde då tjørehjell. Det er fortalt at gamle folk kunne minnast at der var brent tjøre av røter som var oppbrotne på myra.

6. På Vespesmyrane var funne ei grav av små steinar i firkant. I grava fann dei brent kol og oske, men det vart ikkje funne noko anna i grava. Det er åtte år sidan.

7. På Storsætra var i eldre tid vakjarhus. Her er no sæter. Ein dag tok bjørnen ei kyr frå Sjur Velsvik. Ho Karla-Ane skulle va-kje den dagen. Ho var frå ein plass utanfor Hauen. Ane huja og skreik og bar ei trode med ein brennande neverlur, men bjørnen ville ikkje væje. Ho tok av seg stakken for å skræme bjørnen. Men bjørnen tok henne. Og med same kom folk til heimanfrå. Bjørnen hadde då reve hol på brøstet hennar so dei såg inn på lungene.

8. I Sørengarden i Velsvik var ein sterk mann som heitte Frantz. Det er lenge sidan og folk veit lite om han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.