Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Verdier i Gloppen kommunestyre…

Ein representant frå Hyen møtte i kommunestyret i Gloppen, og mest heile perioden var gått utan at han hadde blanda seg i ordskiftet.

På eit møte hadde dei oppe ei sak som hadde med Hyen å gjere, men representanten derifrå var taus. Ordføraren tykte likevel det ville vore greitt å vite kva Hyaren meinte om denne saka endå kommunestyret allereie hadde gjort det klårt i kva retning vedtaket ville gå. Og så spurde han direkte:

– Kva føler du Jens då om dette?

Jens:

– Eg føler meg som ein tiøre millom femører.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *