Internt referansenummer: 15.04.2009 – A
Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

Vern mot krøtersjukdomar om våren

Når dei slepte ut krøtera om våren, bruka somme å gni dei inn med salt og tjære inni munen. Slik blir det fortalt frå Hemnskoga. «Ho bessmor passa alltid på det,» fortalte ho Ragnhild Lio. «Ho drog tunga langt ut så ho fekk godt tak til å gni.» Dette skulle vera bra mot all slag sjukdom, klauvmark og meir slikt.

Ragnhild Lian, f. Vågan, gift med Jøstein, f. 1876, d. 1944

Var det kalvar som ikkje ville hamnast og trivast, kom det gjerne av uty i huda. Dette kunne ein tyne med å svi av håra med brannar. Eg kan minnast at dette vart gjort heime ein gong. Det var nok ein hard kur.

Ei god råd mot trolldom på feet var det å laga seg ein «Bætta» av flatbrød med smør og gammelost, det skal ein leggje under venstre handa kvar torsdagskveld når ein legg seg.

Det var gammal tru at når klauvmarken datt ut på småfeet og dei halta av det, så vart dei gode att om ein stakk eit byggkorn opp i klauva.

Styrta det eit krøter, passa somme på og grov det ned på eigedomen åt granen, gjerne i møkkdungen. Somme kallar for og drog på daudtla om nettene og grov ned attmed sommarfjøset hos grannen. Somtid såg grannen det og bar dauskrotten tilbake. Det hendte såleis at daudtla for fleire gonger fram og tilbake.


Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *