Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Vetl-Jørn

Han Vetl-Jørn var son åt Eldri og Gamle-Jørn. Han var god i or-dom, og han var eit langspel, som dei sa, han dreiv fleip med folk.

Det var lite av småmynt, og ein setel var sjeldan i dei dagar. Vetl¬Jørn spøkte med det: — ‘N far flyg så i-beit, sa’n. — ‘N tæ ikkje veksla for setel si skuld.

Ei tid var han skomaker på Bergom. På Fossheim hadde dei lov til å selja øl til turistar og til folk som budde eit visst stykke unna. Vetl-Jørn ville kjøpe øl, men ho Ymjer svara som sant var: — Det går ikkje an, du bur for nere ved.

Så kom ho Ymjer åt’om Vetl-Jørn med eit par sko ho ville få reparert.

— Det går ikkje an, du bur for nere ved, sa’n Jørn.

Han gjorde ein sang om detta:

Sønner av Norge
gjekk ned på torge
ville åt Fossheim og få seg ein dram.
Ymjer ho ville ei
ølet bortborge,
sønner av Norge
fikk alder det grann.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.