Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Vetl-ost

(Kjelde: Maria Jordet)

 

vetlost

To vetl-ostar frå Bøverdalen, frå ca. 1910.
Fotograf ukjent.

Vetlost vart ysta av blåsur mjølk, for da vart kjuka seig. Tok utu ein klump, så det vart ein rondil med kjuke. Så saug dei ut så det vart fire rondile med kjuke; desse var kalla kykjile (småkuler?), og dei saug dei ut att så det vart fleire som dei forma til klør eller skåler. Såleis vart det både klo-vetlost og skål-vetlost. Fleire budeier på ein stad samla seg hjå ei budeie som kunne kunsta, helst ei eldre, ein sundag eller ei natt straks føre bufora, og laga vetlost.

Vi hekk på veg-grinda og tigde vetlost når budeiene frå Netosetra for heim. — Nei, døkk æ så pent kledde at døkk trøyng ikkje, kunne dei svara.

Dei var helst laga til bånleiko åt ungom, men vi åt dei opp. Det hende at sume gøymde dei og hadde dei til stas. Eg sende ein vetlost åt ei jente i Amerika. Eg tenkte å gle ho, men ho misforstod det og tok det ille opp.

Vetlost var gjæv åt gutom, serleg når budeia som laga dei var vakker.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.