Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.

Vetlhågå-smeden

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Jehans Vetlhågå d.e. var frå Elvesæter. Han var ein dugande smed. Det er fint, velgjort og lugumt smiarbeid etter han, —Dørslag, dørklinker og serleg lås. — Det var ingen som laga slike lås med solide fjører og nyklar som aldri hogg seg fast, sa mestersmeden Erling Nyrnes.

Han var tinga til å smi alt som skulle til, dørbeslag og klinker, til og med glaskrokar, da våningshuset i klokkargarden Ulstad vart bygd i 1856. Kyrkjesongar Lindsøe ville ha alt av fyrste slag og gjekk mest dagstøtt og såg på arbeidet. Men da smiet var ferdig, tykte dei det var for dyrt, og Jehans Vetlhågå måtte gjera nytt. Seinare gjorde han seg ein tur over fjellet, og i Sogn gjorde han gode pengar for smiet.
Ulstad
Klokkargarden på Ulstad i Lom, bygd i 1856 med rom til fastskulen, som før heldt til i andre høgda i Drengestugu i prestegarden .Der var også eit rom til kyrkjesongaren. Klokkaren før Lindsø var Flotten, med eksamen frå Klæbu seminar. Han vart seinare gardbrukar på Dovre.
Fotograf ukjent.

Han fekk seg nytt smiusted på ein uvanleg måte. Ein kar som skulle til Gjøvik med hest, fekk med seg 28 dalar til å kjøpe «sted» for. Men ei tid etterpå fekk Jehans eit strengt brev frå seljaren, som forlangte pengane eller stedet sendt attende.

Det var uvennskap og ein stille krig mellom Jehans og «sted-kjøpar’n» etter dette. Så ein dag hadde denna kar’n lagt krut i smivavlen hjå’om Jehans. Da han gjorde opp på avlen eksploderte krutet. Smeden fekk glyfsen i eine auga og miste synet på det.

Ein gong i ferdvegen — det var på isen utanfor Stamstadstugu — rauk dei uklare. Ordkast vart det, og slagsmål, og det hadde nok sett ille ut for ‘om Jehans, hadde han ikkje fått hjelp. Han Omond Morkarunningen var med, og han var brotande sterk. Kar’n fekk såpass gjennomhaving han ikkje yppa seg på lenge.

Jehans Vetlhågå d.y. var og god smed og hadde ein god læremester i far sin.

Brevet
Over:
Dette brevet vart funne under mønsåsen da dei nyleg gjorde klokkargarden om til lærarbustader. Nå er det tatt vare på i banklokalet i Midtgard. Brevet lyder:

Aar 1856 var denne Bygning opført af Loms Commune til Bolig for Kirkesangeren ved Hovedkirken.

Sognepresten var dengang Provst Julius Aars, og Kirkesangeren Gunder Gundersen Lindsøe, født i Dovre anneks og oplært ved Seminariet i Klæboe.

Gårdmand Ole Torkildsen Øi søndre paatog sig at udføre murerarbeidet og tømmerarbeidet med Bygningen for en betaling af 165 Spesidaler.

Bygningskomitken bestod af Gaardmendene Ole Gudbrandsen Kvaale, Ole Viborg paa Helstad, Iver Skaandser, Tosten Studsnes og Tosten Brimi.

Tømmermendene vaar Syver Tostensen Kolden, Halvard Johannesen Ulemoe, Paul Hansen Græsdalsmoen, Hans Syversen Langøigarden, Christen Hansen Teigen, alle fra Lom, Hans Imbertsen Attiveigen frå Vaage og Frederik Syver Gedesien fra Sell, den første fungerede som mester.

Samme tid som Bygningen var tømret reiste Kronprints Carl gjennem Bygden. Reisen foregik over Fjeldet fra Lyster og sydover gjenrem Vaage og Lesje ned igjennem Romsdalen.

Lom den 17 de Juli 1856.

G. Lindsøe.

Sandsværingen var på Blakar og smidde plogar, og Jehans skulle vera smeddreng. Sandsværingen bruka på å klinke saman delar til plog-il, men medan Sandsværingen var borte ein tur sette smeddrengen på og saud delane ihop, og plogilen vart som støypt.

– Du er nok flinkare enn eg til å sjode, måtte Sandsværingen vedgå.
– Jagu’ er eg flinkare til å smi au, svara smeddrengen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *