Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Vi er bra folk

Inne i Femundmarka levde ein sterk og livsglad kar som heitte Hans. I dagleg tale vart han kalla Stor-Hans. Denne kroppen gjekk godt ihop med alle dei andre som levde der i villmarka. Han tala ofte med dei andre, og han godtok dei som likemenn. Mange og utrulege soger kunne han fortelja.

Ein vinter heldt han til på ei gammal sæter. Mevinters sat han og kosa seg med ein kaffekopp på ettermiddagen. Best han sat der kom det inn to kvinnfolk til han. Det var ei ung jente og ei eldre kone. Mor og dotter var det visst.

–    ”Framundfolk,” sa han Hans.

Den eldre såg ut til å vera tunghørt.

–    ”Han sier at vi er framundfolk,” sa jenta.
–    ”Sei han det du at vi er av godt folk,” sa den gamle.

Om dei kunne få kvila lite grann…jau da, det måtte da bli råd med det.

Han Hans ordna meir på kjelen og hengde han på jarnet.

I mellomtida var jenta ute og ropa til nokon andre, to karar kom også inn i bua. Da Hans gløtta ut gjennom det vesle glaset såg han to bitte små musgråe hestar som sto og tøygde høy av kvar sin sekk. Så småe hestar hadde han aldri sett.

Dei fire gjestane fekk seg mat, takka for kvilet og kjørte bort.

Da han Hans var ute etterpå såg han korkje far eller merke etter folket. Ikkje eit strå låg att på snøen der hestane hadde stått og ete.

–    ”Rett folk var det no i alle fall itte,” sa han Hans.

Sjøl enda han dagane sine ute i den frie naturen. Fri som han hadde levd somna han inn ein vinterdag. Henrik Nordvik fann han på ei tuve attmed ein furulegg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *