Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Vigsling


Ein gamal skikk som no mest er burte, er vigslingi. Dei gamle brukte mykje det, skal du få høyre:

Når del selde nysilt mjølk or fjøset, tok dei ei varmeglo og vigsla tre gonger rundt i kring mjølki og gjorde ein kross over spannet. Gjerne slepte dei ei glo nedi òg. Var dette gjort rett, hadde ingen makt te å skjemme mjølki for dei. Dei gamle let heller ikkje i frå seg mjølki si te ned føre folk, og slettes ikkje te nokon før åtte dagar etter at kui hadde bore.

Stødt når dei hadde reiva ein ukristna unge, gjorde dei ein kross over bringa hans. Sume brukte ogso å vigsle tre gonger rundt den vesle med ei glo, når han var reiva. Ingen fekk koma inn um natti med ungen var ukristna, for dei trudde det fylgde noko vondt med dei. Men hadde dei ein treskilling i enden på linden, og hadde krossa over han, eller vigsla han, var dei berga.

Dei gamle laga te vigsleklut. Dei tok ei flatbrødmole og la inn i ei linfille. So tende dei varme i ho ved å dytte linfilla inn i glohaugen so ho tok te gløse. No tok dei ungen som dei hadde stelt te kvelds, og ringa rundt han tre gonger med soli med vigslekluten. So krossa dei han teslutt over bringa med den same vigslekluten og sa: ”I Jesu namn.”

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *