Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Vike vekk graset

Vilde ein gjere grannen sin til meins, so var det ei god råd å ta frå han graslukka. Ein tok ein ljå og hogg nedi her og der, helst i tjukkenga. So let ein graset ligge att og rotne. Dette måtte gjerast i all løynd so ingen såg det. — Når so han som åtte enga kom og fekk sjå styggeferda, so tok han gjerne vondt på munnen og banna. Men då miste han graslukka.

Ved Johannes Bjørndal, Vartdal.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.