Kildeinformasjon:
BokaInternt referansenummer:B-21.03.2013
Kilde:
HAURT NÅN SÅLLES
Av: Otto Sandhaug -Trønderhistorier
Rune Forlag, Trondheim 1968
Prenta i Bygdetrykk, Melhus
Teikningar: Leif Grav
Klikk her for å lese om Otto Sandhaug på Wikipedia

 

Vill-Jo

 

I gammal dåggå budde det ein einebuar av ein svenske i Nordli dei kalla Vill-Jo — ein mann som var noko for seg sjøl i alle måtar, og for det meste dreiv han med varekøyring til og frå Grong og Formofoss.

Ein vinter kom fylkesmann Guldahl på veg frå Nordli og møtte han i Sandørdalen. Det var smal veg og høge brøytebarmar.

Da hestane møttest og ingen av køyrekarane gjorde teikn til å ville vike til sides, bad Guldahl skyssguten gå fram og fortelle at det var fylkesmannen som kom her.

Guten gjorde da det.

Ja, men hær kommar skjælva fanden! sa Vill-Jo, og det så høgt at det måtte høyrast.

Å, jasså ja, sa Guldahl, jaja, vi får vel svinge til sides, vi da!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.