Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Villands-ætte

Tollaiv ba væl leve me Hytta

Ain tenestgut hass Tollaiv, som han !ikte so gjølele, kom i ugynster me ain alkefant som kallast Hyttin.

Dette hende i ai brudavaitsle, å Tollaiv vart tjonve fyre di. Han va då sløg å tok te imse se å slå se full, å derette ba han tenestguten sin snøgge se haimatte ette gampe å jagasle'a hass, for no vilde han snart haim, let han um. Guten gjorde som husbonden ba han, å kom att me hest å grai'u, so snøggt han evlde.

Då Tollaiv såg, at gut å gamp voro attekomen, tok han te be'a væl fara me imse kor tå folki å skipa se te dynns å so ut på tune. Der tok han ve hest å tauma tå gute å sette se i sle'en.

So skødde han ikring se å vart vare Hytta, å derme sa'e han:

”Å kom no hit åt me, so fær e be'a væl fara me de me, du Hyttin!”

Hyttin va so fåfaren, at han gikk te hono å flidde hono hende si. Tollaiv rak kjaiva si te Hytte, klembde åt neva hass, å svarpa i di sama te gampe me svipunn, so de barst or garde i tanende sprang.

Hyttin bar snart i legu, so at han drogst ette sle'a som ain slo'kubbe, å snjøgauven rauk kringum dai, som ain kvirvilvind hadde fare der. So gikk de lengsto ette vegi, fyrr Hyttin fekk hende si laus atte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.