Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Villdyr og plantar – (Fuglane)

 

Det var eit dårleg merke at skogsdyra kom innåt husa, eller at småfuglane flaug mot ruta.

Når «tjeta» (kjøtmeisa) sit og pikkar på vindaugsruta, «spår a fer dauing».

Kattula var dei gamle fælt redde. Når ho kom nær husa og skreik, sa ho: «Dra ut — kle kvitt.» Var det eit kvinnfolk som skulde døy, sa ho: «Kun hu.»

Det var eit låkt merke at kattula kom flygande forbi vindaugo.

Når kattula kjem innåt husa, ventar ho død.

Bergylen uler mot uver.

Når bergylen skrik mykje, skal det bli uår.

Når måsen kjem skrikande inn over bygdene, skal det bli regn. I høyonna er difor måsen fælt uvelkomen.

Når kaja som har reir i tårnet på Stiklestad-kyrkja, flyg vidt ut over bygda, skal det bli regn.

Spåven spår veret. Han segjer: «Tri egg, tri egg, — — —.» Han har alltid tri egg i reiren sin.

Når ein svart «krakspjøt» (hakkespett) kjem og hakkar på taket, skal ein i ætta eller i huset døy.

Når krakspjøten «spållå» på tørstubben, skal det bli turr-ver. Når det blir regn segjer han: «Drypp, drypp, drypp, drypp, — — —»

Når krakspjøten eller sjura kjem innåt veggene, blir det le’ver (mildver).

Sjura var ein lukkefugl. Dei likte godt at ho bygde reir nær attmed husa.

«Sjura skrakle, det kjem fremmen til gåls,» sa dei.

Kråka var dei redde.

Når kråka sit og «grev», ventar ho død.

Ligg det nokon sjuk, og kråka kjem og grev tri gonger, skal han døy.

Det var to prestar, her Per og her Jakop, som forstod kva kråka sa.

Presten Jakop forstod kva fuglane sa. Ein gong han køyrde frå Stiklestad til Vuku, var det ei kråke som skreik so fælt åt ‘åm uppe i Røppesbakkane. Då snudde han straks um og køyrde heim att, og då han kom heim, sløkte han ut all eld i huset. Ingen fekk lov til å ha eld brennande meir der i huset den dagen.

Det er eit godt merke at «svullu» (svala) held seg til husa, Det fylgjer lukke med henne.

Når svullu flyg lågt, blir det regn. Men ho flyg høgt når det skal bli godver.

Svullu har teke saksa hennes jomfru Maria. So flyg ho og skrik: «Jomfru Marja, Jomfru Marja, Jomfru Marja sjylle mæ fer skjæra si, si, si.»

Det vart klipt et hakk i enden på den som tok saksa hennes Jomfru Marja. No flyg svullu og skrik: «It to æ’a, it to æ’a, it to æ’a.»

Svullu skrik: «Jomfru Marja skylt mæ fer at æ to skjæra. Æ tok a it, æ tok a it. Sett baki rauven. Tak a der, tak a der.»

Når gauken kjem nær inntil gardane, blir det uår.

Gel gauken i tom kvist, skal det bli klenår.

Den som kjem under gauketre, kann ynskja seg tri ting. Gauken blør i munnen når nokon hermar han.

Gauken har mist kjerringa si. Difor ropar han: «Kjersti, ko’k su’p.»

Vest gauk er best gauk, sør gauk er sorggauk, nord gauk er buvill gauk, aust gauk er lusgauk.

Høyrer du gauken i nord, er du fæg. Gel han i sør, skal det bli godt år. Aust gauk er lusut gauk. Men høyrer du han i vest, skal du ha lukke med frieriet.

I gamle dagar la duva (villduva) sju egg i reiren sin. Men so kom det ein annan fugl og tok dei sju egga og la to av sine eigne i staden. No sit difor duva og skrik: «Du du-u du du du-u, stal mine sju sju-u sju sju sju-u. Og ga mæ dine to to-o to to to-o.»

Lommen og uksen har bytt føter ein gong. Fyrr hadde lommen so sterke føter, og uksen hadde so veike føter. Men so bytte dei, so det vart som det er no. Difor er det ogsa eit fast ordtak: «Han hi bytta som lommen.»

Når lommen skrik: «Dryppe-drypp, dryppe-drypp, dryppe-drypp,» blir det regn. Skrik han: «Tørke-rat, tørke-rat, tørkerat,» blir det godver.

«Trollrokka» (rugda) eller «trollrokla» som sume sa, var rekna for ein styggfugl. Ho hengjer seg fast og riv sund juret på geitene.

Trollrokla har to ungar. Dei leitar ho etter og skrik: «Olt Olt, Pist — Olt Olt, Pist.»

Det var ei gjætargjente som hadde gjætt burt eit par uksar, som ho skulde ha med i buskapen. Då ho kom heim um kvelden og husbondsfolket fekk høyra det, vart dei so sinte på ho at dei på timen jaga ho ut i skogen til å leita upp dei att. Ho leitte og leitte, men fann ikkje uksane. Til slutt ynskte ho at ho var ein fugl, so, ho kunde sjå vidare utover. Og so vart ho umskapt til fugl, og no flyg ho rundt og leitar etter uksane. Og alt i eitt ropar ho namnet deira: «Krok Krok, Kvist — Krok Krok, Kvist.» Soleis har rugda vorte til.

Når Åkerloa (heiloa) kjem på åkeren um våren og skrik: «Så’ti, så’ti, så’ti — — —,» er det tid å så.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.