Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Villdyr og plantar – (Insekt og andre slike smådyr)

 

Fluggu surrar mot regn.

Når kvaksen byggjer bol nede i jorda, vert det turrår. Byggjer han uppe i kvistane, vert det regn.

Ein skal passa seg for ørsnølla. Ho vil gjerne krypa inn i øyro på folk.

Når mauren kryp uppover grasstrå og greiner, blir det klår-ver. Kryp han nedover, blir det regn.

Ein gong var det eit stort maurslag ute i Sjemsmyråm. Det var to maurherar som gjekk laus på kvarandre. I den eine heren var det svart tuvemaur, og i den andre stor hestmaur. Dei sloss på den måten at dei beit kvarandre med kjakane, og det var utruleg fullt med maur der. Dei sloss over fleire mæling jord, og slaget vara i mange dagar. Men til slutt var det tuvemauren som vann. Det kom saman mykje folk og vilde sjå på maur-slaget, og det var mange som kom reisande langveges frå.

Når veggsmeden høyres i sørveggen, skal det bli godver. Høyres han i nordveggen, skal det bli regn.

Ein hesteskalle som vart lagd under senga, skulde hjelpa mot vegglusa.

Lusa kann visa leida. Ho går mot nord; for det er den andre mannen som har skapt ho.

Dei gamle var fælt lusute, og dei likte godt at lusa treivs vel på dei. Det var i alle fall eit låkt merke um ho ikkje treivs. Den som var luslaus, vilde ogso bli pengelaus. «Han er so fatig, han eig ikkje lusa på kroppen», sa dei.

«Salamanderen» (nokre åmor vart kalla so) kann gå på gloa utan at varmen gjer ‘åm noko.

Kongroa er eit trolldyr.

Ein skal aldri drepa ei kongro; for ho hemner seg.

Såg dei ein kongrovev som hong ned frå loftet, var det eit merke på at det skulde koma friarar.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.