Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Villdyr og plantar – (Plantar)

 

I gamle dagar heitte det: «Når det er mykje blomster på rognen um sumaren, skal det bli lite snø vinteren etter; for rognen skal ikkje bera same tyngda heile året.»

No er det umgjort, so no heiter det: «Når det er mykje blomster på rognen um sumaren, skal det bli mykje snø vinteren etter.»

Det var lukke med å bera firkløver inne på kroppen.

Ein drøymer sant, når ein legg ein firkløver inn i salmeboka tri torsdagskveldar på rad og søv med salmeboka under hovudet.

Ynksjer ein å sjå um ein skal bli gift eller ikkje, kann ein ta ei «barbro» og plukka av randblomane blad for blad og samstundes rekna: «Gift — ugift, gift — ugift, gift — ugift, — — —.» Det ordet som då fell på den siste randblomen, viser um ein skal bli gift eller ikkje.

Som karven er Olsvukkudagen, skal havren vera Barsvukkudagen.

Ynskjekvisten som dei brukte til å leita vatn, måtte helst vera av vier.

Vil ein hogga older so ho ikkje kjem att, må det gjeras i håbållen; for då stig sevja i treet. Med vieskogen er det verre. Han må hoggas på «Johannes halshugg», um han ikkje skal koma att.

Når einen står brun, skal det bli skinår.

Står lauvskogen svært gul um hausten, skal det koma eit godår etterpå.
Um stykmorblomsteren heiter det: «Stimora sit åleine på to stolar. Dei rette døtterne sit på kvar sin stol, men stidøtterne sit to saman på same stolen.

Kvitkolla (kvitkløveren) legg blada saman um kvelden. I gamle dagar vart difor denne blomsteren kalla «kvellsøv».

Det var ein blomster som var kalla «sausprengblomsteren». Det er ein tistel («Cirsium heterophyllum»).

I fjellet veks det eit gras som dei kalla «villgras». Ein måtte akta seg vel so ein ikkje kom utpå det graset; for då tulla ein burt seg.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.