Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Villdyr og plantar – (Skogsdyra)

Ei tid var vergen so nærgåande, og då var det ingen elg. Fyre den tida var det minder verg og meir elg.

Vergen var ei fæl plåge i dei tidene, då det var mest tå ‘åm. Når ein slepte ut sauene um våren, kunde ein ikkje vita um det var nokon att av deim um hausten. Ofte var vergen fælt nærgåande innåt husa og, og der låg han og sloss med hundane.

Ei natt fekk ein mann høyra at hunden hans heldt slikt eit leven nede i stova. So gjekk han stad og slepte han ut. Men derute vart det endå verre. So gjekk mannen ut i myrkret og skulde ta hunden inn att. Han fekk tak i rumpa, kasta han inn att i stova og gjekk inn sjøl og ute vart det ikkje stillare for det. Då tende han på ei tyrispik, so han kunde sjå for seg. Og det viste seg at det var ein verg han hadde fått tak i og kasta inn i stova. No sat han og gøymde seg burt under bordet. So tok mannen tyriskia og slo i hel vergen med den.

Kapteinen på Bunes hadde ei verggrav. Ein morgon kom det ein husmann forbi grava, og han kom på han ville sjå nedi grava um det var noko der. Der sat det to vergar og glodde på han. Men so var han so uforsiktig at han ramla nedi, han og. Der sat dei då alle tri og glodde på kvarandre, heilt til kapteinen kom og skaut vergane og drog dei upp or grava alle tri. Sidan hadde kapteinen stor moro av denne hendinga. Han hadde fanga to vergar og ein bjørn den natta, sa han. For husmannen som hadde ramla nedi, heitte Bjørn, han.

Burte ved Salthåmmårsbustan er det ein ås som heiter Ufredsåsen, og ein som heiter Øysteråsen. I Øysteråsen ligg «Hundkjerka». Det er ein stor stein som er kalla so; for det var ein hund som berga seg for sju vergar ved å hoppa upp på den steinen.

Han Henriksen dreiv so mykje og fanga verg. Elles sa han itnå um korleis han bar seg åt med det; men eg trur no han hadde ei verggrav uppe i skogen der ein stad.

Ein gong hadde han fått tak i ein verg heilt levande og uskadd. So kom han at det skulde vore moro å prøvt um det ikkje gjekk an å temma denne vergen og ha han til gardshund. Og so tok han vergen med seg heim.

Då han kom heim med vergen, stengde han han inn på låven og let han vera der i tri dagar utan mat. Den fjorde dagen trudde han at vergen måtte ha vorte spakare. So tok han på seg eit par tjukke våttar og hanskar, og med tjukke klær på kroppen gjekk han inn på låven åt ‘åm. Men då vart det hardt um; for vergen fór beint på han. Og hadde ikkje han Henriksen vore so stor og sterk som han var, so hadde sikkert vergen rive-sund han. Han fór-i kneet hans; men han Henriksen spende til åt vergen — spende han beint i kjeften, so han fauk burt i ei rå. Og so kom han Henriksen seg ut att og skaut vergen gjenom ein glugge.

Ogso bjørnen var leid. Han slo i hel hestar og kyr og var nærgåande åt folk og. Haustnettene gjekk han i åkeren eller millom kornstaurane og «råppå hager», so folk måtte laga bål til å skræma han vekk.

Den tid Jonas Røstad var bonde på Litl-Røstad, var det so mykje bjørn som huserte. Ein haust var det ein slagbjørn som heldt til i Nordbygda (i Frol), og han slo i hel 23 hestar der den hausten. Jonas Røstad hadde ein stor hingst og eit stolag. Ein kveld det var bekande myrkt med storm og regn, fekk han høyra det ramla so sterkt i hestebjølla burte i trøa der han hadde stolaget. No er det bjørnen som er på ferde, tenkte han, og gjekk ut for å sjå um det skulde vera råd å jaga han; men det var «so kulstoppande mørkt at han såg ikkje handa for augo. «So får det stå i Guds hand, då,» sa han og gjekk inn atter; for so myrkt som det var, kunde han likevel ingen ting gjera. Morgonen etter, då det var ljost, gjekk han so burt i trøa. Men der såg det fælt ut. Det såg ut som det var både pløygt og horva. Og då han hadde kome inn gjenom grinda, kom hingsten so gnistrande sint og vilde setja på han ogso, so han måtte skunda seg å koma seg ut att. Men han kunde sjå at fleire stader låg det bloddammar og bjørneragg, so det hadde nok gått hardt for seg. Ein stad var gjerdet noko ned¬brote, og der låg det ogso bjørneragg og bloddammar. Det var tydeleg at hingsten hadde verna stolaget og dengt bjørnen. På denne staden hadde so bjørnen kome seg ut att. Sidan var det lett å fylgje faret hans. Han hadde gått uppetter mot Nord-Røstad. Der stod hestane på tjor, og han hadde so slege i hel ein «vetle» (vintergamal eller årsgamal unghest) og ete han upp. Det var soleia tydeleg at han hadde vore «sopin» (svolten).

Um Helgamess turkar bjørnen mosen sin. Turr austanvind sist i oktober og fyrst i november vart kalla «bjønnvind»; for då turkar bjørnen mosen sin, fyrr han går i hi.

Det var ei veikje so heitte «Bjønn-Beret». Ho hadde vorte teke av bjørnen ein gong. Han tok ho inn i hiet åt seg, og der levde ho ei tid saman med bjørnen. Ho fekk barn og med bjørnen, og han stelte vel med henne. Kvar dag vart det innsett ei skål melk til henne. Men ein dag var skåla full av blod. Då var bjørnen skoten, og so kom ho att til bygda atter.

Det var ei gjente frå Vuku som var teke av bjørnen og levde ei tid med han i hiet. Ho hadde ogso barn med bjørnen, og enno skal det vera ætt att etter deim.

Bjørnen rørde aldri kvinnor som var med barn. Sume bjørnar vilde gjerne fylgja etter slike kvinnor; men slett ikkje alle bjørnar gjorde det. Dei som viste hug til å fylgja etter, var umskapte menneske.

Han Henriksen var ofte uppe i Leirsjøen og fiska. So var det nokon som spurde han um han ikkje var redd at bjørnen skulde koma og ta han. Nei, det var han ikkje det minste redd, sa han «Eg skal ta med meg ei bånnåt kjerring, so skal det vel bli råd for å skræna bjørnen.»

Bjørnen og reven «kjeppas» (kappas) ein gong um kven tå deim som kunde segja tri trenamn fortast. Bjørnen sa: «Gran, furu, bjerk.» Men reven kvein: «Selli-vi-asp» og vart difor snåpast. Det er ogso fortalt at bjørnen sa: «Older, furu, gran.» Ein annan som fortalde det sa: «Stø’bb, furu, ga’dd.»

Han Ola murar «væsætta» (vedda) ein gong at han skulde få reven til å gå i gleksa på stugguveggen. Han stelte gleksa um kvelden, so dei såg på, og hengde ho upp ute på veggen. Og um morgonen då dei kom og skulde sjå etter, hang ho der med reven i. Då trudde dei straks at han kunde få reven til å gå i gleksa når ho hang på stugguveggen.

Hårrån (haren) lo so godt ein gong at lippa hans sprakk. Difor er han hårråmynt no.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.