Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Ville ta hunden

I 1840-åra var det mykje gråbein i Ålen. Olava Vongraven tente på Lundereng. Like før jul gjekk ho til Jordsli ein kveld i måne-skinet og skulle låna gorojarn.

Det var sprettande kaldt og vindstillt. Da ho gjekk nedover att sat det tre gråbeinar attmed vegen. Ho slo jarnet ihop så det skrangla. Gråbeina drog seg unna lite grann, men ikkje så langt. Dei sat i Lunderengkroken.

Seinare på kvelden var dei framine og ville ta hunden på Lundereng. Det var inga triveleg tid, sa ho Olava når ho fortalde om ulvetida.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *